Tag Archives: Informasjonskompetanse

Kan ein dø av latter?

Kan ein dø av latter spør dei på forskning.no i dag. Svaret er noko slikt som: då skal du ha veldig uflaks.

Kvar dag kjem forskning.no med nytt frå forskningsfronten. Dei siste dagane har det m.a. handla om livvaktane til akasietrea på den afrikanske savannen, transport av laboratoriedyrka hornhinner, og nyoppdaga solsystem.

Har du problem med å følge med på alt på nettet som du har lyst til å følge med på? Dersom du brukar ein rss-lesar som Bloglines, Google Reader eller Alesti kan du abonnere på nytt frå forskning.no og andre stader du måtte vere interessert i. Det einaste kravet er at nettstaden sender ut ein nyhendestraum som rss-lesaren kan lese. På forskning.no kan du t.d. velge mellom å abonnere på alt nytt eller berre nytt innan bestemte emneområde som helse, miljø, Polaråret, m.m.

Ny teknikk, nye brukarar?

v/Johnny Lindqvist

Tenk alltid på adressaten når du skal kommunisere.

Unge europearar har ein stort digitalt fellesskap, ein har eit enormt nettverk online. Dei oppfører seg stort sett som ungdom alltid har gjort, dei har berre funne nye arenaer.

Ungdom 15-20 år

  • 61% seier at det første dei gjer når dei kjem heim er å slå på nettet
  • 42% har mobilen som første og siste ting dei sjekkar om dagen – ungdom sms’ar meir enn dei ringer
  • 49% seier dei påvirkar andre i spørsmål om sosiale nettverk og aktivitar
  • 47% seier dei blir påvirka av andre
  • 93% seier at majoriteten av det dei klikkar på er lenker som dei får frå venner – Aviser 24%, Radio 9%, TV 28%

Kor lett gjer vi det for ungdommen, kor interaktive er våre sider?

Ein alltid oppkobla generasjon – frazzing – dei gjer masse på ein gong.

The digital natives/the digital immigrants  – det er inga skam å vere ein digital innvandrar, vi må berre ta det med i vurderinga. Det er ikkje noko skam å spørje dei -«Du måste förstå dem för att kunna nå dem»

Alle populære ungdomssider finst tilgjengelige på mobiltelefonen, det er noko å tenke på.

Det er og viktig å få bodskapet ut på sider som ungdommane faktisk er på, vi må ut på deira arenaer.

Dei som er best å reklamere for deko er dykkar eigne brukarar som har gode opplevingar hjå dykk. Finst det noko å fotografere, noko å fortelje om på bloggar, twitter, m.m.?

23 ting om 2null

23 ting som alle som jobbar i bibliotek (og på ein skule) må vite noko om. Opplegget er til no gjennomført i 10 fylke, ca.500 i Norge har tatt kurset.

PowerPointpresentasjon på Slideshare.net

Kven som helst kan ta kurset, kursbloggen ligg på nettet.

Dei har gjennomført ei undersøking for å finne ut om 23-ting har medført noko endring på biblioteka.

114 respondentar frå alle typar bibliotek – Blogging var mest populært, og det finst etterkvart mange bibliotekbloggar rundt i Norge. Enkelte bibliotek har t.d. heilt gått over til blogg som biblioteknettside.

Flickr var også populært. Library of Congress brukar t.d. Flickr som ein bildeformidlingskanal og norske bibliotek vurderer å gjere det samme.

Info frå komferanse kan også finnast på Netvibes.

Enkelte syns jo sjølvsagt også at 23ting var berre tull 🙂

Framhald av 23 ting i biblioteksektoren og for pedagogar og bloggen heldt fram.

Informasjonskompetanse i digitalt format

v/Siv Marit Ersdal, Drammen v.g. skole og Birgithe Schumann-Olsen, Lier v.g. skole

Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskap, kreativitet og haldningar som alle treng for å kunne bruke digitale media for læring og mestring i kunnskapssamfunnet (ITU). Informasjonskompetanse har også med trykte media.

Består av fire mapper: hente informasjon, vurdere informasjon, kildelister og digital dømmekraft. Kursopplegget må oppdaterast etter som landskapet forandrar seg – deira er lagt inn i LMS-systemet dei brukar.

Alle som har tilgang til ITL kan finne kurset under «Community» – faget heiter «BFK – kurspakke digital kompetanse»
Opplegget er også lagt ut på Del&Bruk-gruppa om Informasjonskompetanse og tilbydd til NDLA.