Tag Archives: Kjærleik

Falling in love is like owning a dog

Eit passande dikt på Valentines Day

Falling in love is like owning a dog

an epithalamion by Taylor Mali
www.taylormali.com

First of all, it’s a big responsibility,
especially in a city like New York.
So think long and hard before deciding on love.
On the other hand, love gives you a sense of security:
when you’re walking down the street late at night
and you have a leash on love
ain’t no one going to mess with you.
Because crooks and muggers think love is unpredictable.
Who knows what love could do in its own defense?

On cold winter nights, love is warm.
It lies between you and lives and breathes
and makes funny noises.
Love wakes you up all hours of the night with its needs.
It needs to be fed so it will grow and stay healthy.

Love doesn’t like being left alone for long.
But come home and love is always happy to see you.
It may break a few things accidentally in its passion for life,
but you can never be mad at love for long.

Is love good all the time? No! No!
Love can be bad. Bad, love, bad! Very bad love.

Love makes messes.
Love leaves you little surprises here and there.
Love needs lots of cleaning up after.
Sometimes you just want to get love fixed.
Sometimes you want to roll up a piece of newspaper
and swat love on the nose,
not so much to cause pain,
just to let love know Don’t you ever do that again!

Sometimes love just wants to go for a nice long walk.
Because love loves exercise.
It runs you around the block and leaves you panting.
It pulls you in several different directions at once,
or winds around and around you
until you’re all wound up and can’t move.

But love makes you meet people wherever you go.
People who have nothing in common but love
stop and talk to each other on the street.

Throw things away and love will bring them back,
again, and again, and again.
But most of all, love needs love, lots of it.
And in return, love loves you and never stops.

Hvis jeg blir / If I stay

Mia er 17 år og bur i ein liten by i Oregon. Ho er ein dyktig cellist og har nett tatt opptaksprøven til prestisjetunge Juilliard School. Elles er ho kjæraste med punkrockaren Adam, besteveninne med Kim og svært glad i familien sin. På ein køyretur blir bilen til familien påkøyrd av ein større bil og foreldra døyr på staden. Mia og broren blir sendt på sjukehus og Mia blir sendt vidare med luftambulanse til Portland utan å få vite korleis det går med broren. Medan ho ligg i koma ser ho seg sjølv, besteforeldra, andre slektningar, venner, Kim, Adam og alle andre på sjukehuset utanfrå. Ho svevar mellom liv og død og ei av sjukepleiarane seier til besteforeldra at det er opp til Mia sjølv om ho kjem til å overleve. Det er Mia som må bestemme seg.

Og det er mykje for Mia å tenke over medan ho bestemmer seg. Ho ser tilbake på livet sitt og korleis det var, og tenkjer på korleis livet vil bli dersom ho blir. Ho tenker og på korleis livet vil bli for dei ho etterlet dersom ho bestemmer seg for å dø. Ein skulle tru at det lett vart uoversiktleg når boka hoppar fram og tilbake i tid, men forfattaren har konsekvent omtalt hendingar før ulykka i fortid og det som skjer med Mia undervegs i døgnet etter ulykka i notid, så det blir aldri noko problem å halde orden på tidslinja.

Dette kunne fort blitt ei veldig trist og lei bok, men det er det ikkje. Mia sitt liv fram til ulykka blir skildra med varme og humor. Det er også kjekt å lese om ein tenåring som har eit godt forhold til foreldra sine og faktisk likar å tilbringe tid med dei og lillebroren. Eg set og pris på at ulykka og døden blir så nøkternt skildra. Her er ingen himmel som ventar eller englar som rådar Mia i den avgjerda ho må ta, det er kun ho som bestemmer.

Mia sine refleksjonar fungerer bra for meg, men innimellom syns eg ho blir litt for reflektert og moden for sine 17 år.  Eg las den engelske utgåva av boka og syns språket var greit og passande til hovudpersonen og forteljinga, eg har ikkje lest omsetjinga så eg kan ikkje sei noko om korleis språket er i den norske utgåva. Alt i alt syns eg at det er ei veldig god ungdomsbok som likevel ikkje er heilt god nok til ein toppkarakter.

Det er mange andre som har blogga om denne boka sidan den har vore med i ein bokbloggturne. Under finn du ei liste med lenker til nokre av bokbloggarane som har vore med på turneen og til nokre andre som ikkje har vore med på turneen:

Min døde mann

Min døde mann av Arne Lygre er ei av bøkene som er nominert til Ungdommens kritikerpris 2009/2010.

Boka sin anonyme forteljar er ein gift mann med barn som har ein lengsel etter ein mann, etter uforpliktande møte og elskov. Men det viser seg at desse møta ikkje blir så uforpliktande likevel.

Det er mest hovudforteljaren si stemme vi høyrer men andre får og komme til. Delvis som indre monologar frå menn han møter eller menn han tenker på ,og delvis som replikkar i dialogar. Felles for alle stemmene/mennene er at dei ikkje utan vidare kan/klarar/vågar leve som opne homofile og dei to som har komt ut som homofile har opplevd avvisning frå foreldra sine.

Språket er nydeleg.

Så kvifor berre ein 4’ar? Her er det lesaren som kjem inn. For det første så er eg nok meir glad i handlingsdrevne forteljingar enn i denne typen forteljingar med masse indre monolog der framdrifta kun er på grunn av språket, og for det andre så blir eg så irritert på denne vinglete hovudpersonen som bedreg både kona, borna, elskaren/elskarane og seg sjølv. Det blir alt for mykje av det min kjæreste kallar for «relasjonelt tull». Slik sett minner «Min døde mann» meg om ein tv-såpeserie (berre med mykje betre språk enn slike vanlegvis har) og det har eg ikkje tålmodighet til.

Konklusjon – det vakre og gjennomførte språket gjer at boka er verd å lese uansett, men sjølve forteljinga trekker den ned til ein 4’ar for meg. Det er aldri noko godt teikn når eg ikkje syns det minste synd på nokon som mistar sin kjære på ein tragisk måte.

Dette syns andre om boka: