Tag Archives: Konflikter

The Ask and The Answer

The Ask and The Answer av Patrick Ness er andre boka i trilogien Chaos Walking. Førsteboka, The Knife of Never Letting Go, likte eg veldig godt.  I The Ask and The Answer held historien om Todd og Viola fram.

Eg vil ikkje skrive stort om innhaldet, fordi det vil øydelegge for lesinga av første boka i serien. Men den er kjempespennande, akkurat som The Knife of Never Letting Go.

Eg likte ikkje denne boka like godt som den forrige, men så likte eg også den veldig godt.  Todd og Viola er kompliserte personar som eg blir meir og meir glad i, og «skurkane» framstår heller ikkje som enkle og eindimensjonale. Det er fascinerande å sjå korleis «noise» (dei høyrbare tankane) både kan avsløre deg, skjule sanning og gje fiendar middel til å manipulere deg. Det blir i løpet av boka også meir og meir klart at dei innfødde, Spackle, absolutt er ein faktor som må reknast med når planeten si framtid skal avgjerast.

Eg har store forhåpningar til siste boka i trilogien «Monsters of Men». Den kjem ut ein eller annan gong i 2010.

Dette syns andre om boka:

«Hvor Hender Det?», no også på Facebook

«Hvor hender det?» blir publisert av Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) og har no også fått seg ei side på Facebook. Dersom du blir med på Facebookgruppa vil du få tilsendt nyhende og hendingsinvitasjonar til nettmøte.

«Hvor hender det?» inneheldt nyttig  informasjon om internasjonale spørsmål for elevar, lærarar og andre interesserte.

Du finn:
• Tema-artiklar om aktuelle internasjonale forhold. Artiklane er kortfatta, informative og gir ei heilheitleg framstilling av sakene.

Nettmøte med forskarar og andre om aktuelle tema. Du får informasjon om nettmøta ved å bli abonnent på «Hvor hender det?»  sin nyhetstjeneste.

UtenriksQuiz: Nettstaden inneheldt ei rekke quizar, både temaquizar og på artikkel-nivå.

NUPI-bloggen: Innlegg frå NUPI-forskarar om dagsaktuelle spørsmål.

Arbeidsoppgåver som er pedagogisk tilrettelagt for bruk i undervisninga.

Hvor hender det? – NUPI

Den aktuelle utanrikspolitiskke artikkelserien Hvor hender det? er gratis tilgjengelig på Internett.

Norsk Utenrikspolitisk Institutt har i mange år publisert artikkelserien «Hvor hender det?». Frå september 2008 har dei gått vekk frå den abonnementsbaserte papirutgåva og gjort publikasjonen gratis tilgjengeleg på Internett. Utgåver f.o.m. skuleåret 2000/2001 er tilgjengeleg som pdf.

I tillegg til artiklane inneheldt nettstaden også arbeidsoppgåver, kart, quiz, ordforklaringar, nettmøte med forskarar om aktuelle tema og NUPI-bloggen der forskarar skriv innlegg om høgaktuelle saker.