Tag Archives: Krig

Slaughterhouse 5

Den første boka eg har lest i 2011 er «Slaughterhouse 5 or The Children’s Crusade : a duty-dance with death» av Kurt Vonnegut, ei av dei klassiske science fiction romanene som eg lenge har hatt på skal-lese-lista mi. Boka kom opprinneleg ut i 1969 og er også utgitt på norsk under tittelen «Slaktehus 5 eller Barnekorstoget : en pliktdans med døden«.

13.-15. februar 1945 slapp dei allierte styrkane nesten 4000 tonn bomber og brannbomber over den tyske byen Dresden. Som resultat av dette blei nesten 25000 drept og 39 kvkm av byen totaløydelagt. (Talet på drepte har tidlegare vore estimert så høgt som 250000, men ei undersøking som Dresden fekk igangsett i 2010 anslår at talet var maksimalt 25000).  Kurt Vonnegut var krigsfange i Dresden og opplevde bombinga. Etter bombinga blei han og andre krigsfangar sett til å samle saman lika slik at dei kunne bli begravde, men det var for mange og etterkvart blei lika brent der dei blei funne. Sjølv sa Kurt Vonnegut på eit tidspunkt at han var den einaste som fekk nokon fordel av bombinga av Dresden sidan Slaughterhouse 5 var den store gjennombruddsboka hans.

Hovudpersonen i Slaughterhouse 5 er optikaren Billy Pilgrim. Som ung og dårleg amerikansk soldat blir han tatt til fange og hamnar etterkvart i Dresden der han opplever dei same tinga som forfattaren sjølv opplevde. Etter krigen fullfører Billy optikarutdanninga si, får seg familie og blir ein velståande mann. Men, det er to ting som gjer Billy annleis enn andre:
1.Han sit ikkje fast i tida, så når som helst kan han finne seg sjølv på forskjellige plassar i livet sitt. Dette gjer at han aldri er heilt avslappa, men og at han alltid veit kva som kjem til å skje han.
2. På bryllaupsdagen til dotra blir han kidnappa av vesen frå planeten Tralfamadore og blir utstilt der ei tid saman med filmstjerna Montana Wildhack. Tralfamadoriane er vise og lærer Billy at menneska ikkje kan sjå tida slik den eigentleg er. Tida er som ei fjellrekke, der alle tidspunkt er til stades og eksisterer samtidig. Alle tidspunkt er som dei er fordi dei må vere slik, men menneska kan berre sjå ein liten bit om gongen der trafaldamoriane kan sjå heile fjellrekka.

Eg elska denne boka. Akkurat som Billy sitt liv så er tidslinja i boka heller ikkje kronologisk. Vi hoppar fram og tilbake langs Billy si tidslinje i lag med han, og eg syns det er eit fabelaktig forteljartriks. Språket er gjennomført og usminka. Ingen fine omskrivingar for kroppslege funksjonar eller andre ting. Eg likar og at «forfattaren» aktivt er til stades i rammeforteljinga. Dette kunne vore ei veldig trist bok, men Vonnegut er ein tragikomisk mester. Spesielt med bruken av frasen «So it goes» som stadig kjem tilbake i løpet av boka.

Eg trur på mange måtar at dette er ei elsk eller hat bok og for meg var dette så absolutt ei elsk bok.

Andre folk har også elska den, og nokre mislikt den ganske sterkt. Det er nok folk som mislikar den, uansett om dei har lest den eller ikkje, til at den har fått ein 46.plass på den amerikanske bibliotekforeningen si liste over 100 most frequently challenged books : 2000-2009 (opp frå ein 67.plass tiåret før). So it goes. (for å sitere den mest brukte setningen i boka

Andre har også lest den. Nokre likar den, nokre likar den ikkje, men ingen tar til orde for noko forbud:

I morgen, da krigen kom

ASVbib har den veldige gode bokserien I morgen, da krigen kom (Tomorrow, when the war began) av den australske forfattaren John Marsden. Vi har alle sju bøkene serien på engelsk og dei fire første på norsk, bok 5 og 6 er i bestilling.

Serien handlar om ein gjeng ungdommar som reiser på tur til ein avsidesliggande dal. Då dei nokre dagar seinare kjem heim er landet blitt okkupert og foreldra deira i interneringsleir. Ungdommane bestemmer seg for å gjere motstand mot okkupantane og startar ein geriljakrig. Det viser seg fort at geriljakrig mot ein mektig motstandar er farleg og at konsekvensane kan bli fatale. Dette er ein kjempegod bokserie som er vel verd å lese.

No blir også Tomorrow, when the war began filma og kjem på kino, iallfall i Australia, i september. Forhåpentlegvis får vi sjå den her og. Uansett, her er ein liten forsmak:

Nye dvd’ar på Biblioteket

Dei siste dagane har vi fått inn nokre nye filmar på biblioteket. Dei handlar hovudsakleg om krig, krim og humorgrøss.

Krig

Flags of our Fathers : her blir vi med amerikanske styrkar under eit av dei største slaga i Stillehavet under 2.verdskrig. På øya Iwo Jima prøver amerikanarane å erobre festningen og dei to flystripene som er under japansk kontroll. Slaget om Iwo Jima varer frå 19.februar til 16.mars 1945. Det kosta over over 18000 japanarar og nesten 7000 amerikanarar livet. Bildet av det amerikanske flagget som blir reist på ein fjelltopp på øya er eit av dei mest kjente bileta frå 2.verdskrig. Vi blir med dei tre overlevande av soldatane som reiste flagget. Dei returnerer heim til ein heltestatus dei ikkje kjenner at dei fortjener. Filmen blei nominert til to Oscar.

Letters from Iwo Jima: I denne filmen er det den japanske sida av slaget som blir fulgt. Mange år etter slaget blir fleire hundre brev gravd opp på øya, og gjennom dei blir vi kjent med soldatane som kjempa på den japanske sida.  Dei var sendt til øya vel vitande om at dei truleg aldri kom heim igjen. Dei hadde lite å forsvare seg med, men heldt likevel ut i lang tid. Av alle dei mange tusen japanske soldatane på øya blei berre 216 tatt til fange. Filmen blei nominert til 6 Oscar og vant 1.

The Hurt Locker: Igjen er vi i krig, men denne gongen er vi i Irak. James er ny sersjant for ei gruppe elitesoldatar som har ansvar for å desarmere bomber. Han overraskar sine to underordna med å sende dei ut på veldig risikofylte oppdrag i ein urban krigssone der nesten kva som helst kan vere bomber. Det virkar ikkje som om James er redd for å dø. Filmen blei nominert til 9 Oscar og vant 6 av dei, m.a. for beste film, beste originalmanus og beste regi.

Krim

Gudfaren – del I, II og III: Dei tre filmane fortel historien om tre generasjonar av mafiafamilien Corleone gjennom fleire generasjonar. Filmane vekslar mellom familieliv og den brutale kriminaliteten som familien er involvert i.  Del I var nominert til 11 Oscar og vant 3, del II var nominert til 11 Oscar og vant 6 og del III var nominert til 7 Oscar.

Humor/Grøss/Musikal

The Rocky Horror Pitcture Show: Brad og Janet er eit ungt og uskyldig nyforlova par frå midtvesten. På veg til ein tidlegare lærar for å feire forlovinga får dei motorstoppp og tar seg fram til eit mystisk slott. Slottet er fullt av skapningar frå planeten Transsexuell i galaksen Transylvania. Brad og Janet er først frastøtt av det dei opplever, men blir begge forført av Frank-N-Furter. Dette er kultfilmen over alle kultfilmar med si heilt eiga blanding av humor, grøss og musikal.

The Gone-Away World

Nick Harkaway er debutant og står bak ei roman som eg ikkje klarar heilt å forklare kva handlar om. Det er ei forteljing om krig, om oppvekst, om kjærleik, om ninjaer, om mimeartistar, om vennskap, om identitet… Den er alt. Den har godt språk, har strålande observasjonar, forlet hovudforteljinga for å ta all slags avstikkarar, og er berre heilt fantastisk!

Sånn overfladisk sett handlar boka om Gonzo og vår namnlause forteljar som lever i ei post-akopalyptisk verd der det einaste som gjer noko av planeten leveleg er the Jorgmund pipe, og den står i brann. Men så gjer forteljaren eit hopp tilbake i tid og vi får følge dei to kameratane frå det første møtet i sandkassen, gjennom oppvekst og utdanning, gjennom krigen i landet Addeh Katir der det ultimate våpenet blir tatt i bruk og inn i verda slik den er etter krigen. Dette er ei bok som stadig vekk tar sine eigne avstikkarar innom funderingar om nytta av sauer på slagmarka, referansar til Star Trek, romantikk i eit krigsherja land, førstehjelp på slagmarka og mykje meir. Alt-i-alt høyrest ikkje dette særleg morsomt ut, men det er faktisk ei svært morsom bok og.

Eg syns det var litt vanskeleg bok å begynne på, men det innleiande slitet over dei første 10-20 sidene var så absolutt verd det! Og språket er heilt herleg det og. Eg håpar at Nick Harkaway kan skrive fleire like gode bøker, eg gler meg alt vilt til neste.

Les, les, les!

Dette syns andre om The Gone-Away World

I am the messenger og andre bøker av Markus Zusak

Av og til går eg i gang med ei bok som eg knapt kan legge frå meg, og i nokre dagar no har eg knapt vore snakkandes til. Denne gongen var det ungdomsboka «I am the messenger» av Markus Zusak.

Markus Zusak er forfattaren av «Boktyven» – ei av mine andre store lesaropplevingar siste året, og om det ikkje hadde vore for «Boktyven» så hadde eg aldri oppdaga «I am the messenger» heller.

«I am the messenger» handlar om 19 år gamle Ed som ikkje kjem seg nokon stad her i livet. Men, etter at han tilfeldigvis klarar å stoppe ein banktjuv, byrjar ting å skje. Han får ein ruter ess i posten med tre adresser på og på kvar adresse ventar det han ei oppgåve. Derifrå og inn er det ingenting som går slik lesaren forventar.

Markus Zusak er også forfattar av ungdomsboka «Getting the girl» som også er svært så lesbar.

Bomber over barneskolen

Dei andre dokumentarteikneseriane eg har omtalt har vore av utanlandske forfattarar, men det finst også norske bidrag i same sjangeren. Ingebjørg Jensen si Bomber over barneskolen om bombinga av Holen skole på Laksevåg er eit slikt bidrag.

Laksevåg blei bomba av allierte fly 4. oktober 1944. Målet for bombinga var ubåtbunkeren «Bruno» og det tyske verftet, men det var hovudsakleg sivile som blei ramma. Mellom dei drepte var 12 tyske soldatar, 20 mannskap på tyske malmskip, eit ukjent tal sovjetiske krigsfangar og 193 sivile. Av dei 193 sivile omkom 61 barn og 19 vaksne på Holen skole som ligg 200 meter frå ubåtbunkeren.

Forfattaren har sett seg godt inn i historien. Den har prega hennar familie sidan bestemor hennar var ei av dei som blei drept under bombinga, og ho har intervjua mange av dei overlevande. For mange av dei har livet vore prega av fortielsen om hendinga «barn glemmer så fort» og at mange etter bombinga blei sendt «på landet» for å vere trygge, det blei lite tid til å bearbeide det som hadde skjedd.  Sidan det var dei allierte som stod bak bombinga har den heller ikkje fått den merksemda i ettertida som den ville fått om det var tyskarane som stod bak.

Teikneserien om den fatale dagen og konsekvensane av den utgjer mesteparten av boka, men på slutten finn vi ein fyldig faktadel med presentasjon av personane som er grunnlaget for hovudpersonane i forteljinga og bakgrunnsinformasjon om Laksevåg som bombemål.  Dei personlege historiane blir også presentert i dokumentarfilmen «Sår som aldri gror» (bestilt til ASVbib), og Ingebjørg Jensen har også skrive fleire artiklar om emnet.

Teikneserieteknisk er ikkje dette den aller beste serien eg har lest, men det er likevel ein flott serie som fortel den viktige historien på ein veldig god måte.

Andre omtalar av teikneserien:
Viktig historie i brokete bok – Barnebokkritikk
Gripende om skolebombing – Serienett

Teikneseriar

ASVbib har etterkvart ei ganske omfattande teikneseriesamling. Som så mange andre har eg sjølvsagt lest Pondus og Nemi, men det er også alt for masse i desse hyllene som eg ikkje har lest. Så no har eg bestemt meg for å gjere meg litt meir kjent med teikneserieuniverset. Under finn du ein presentasjon av det eg har lest siste vekene, og her finn du alt vi har på biblioteket.

Bone handlar om Fone Bone og fetrane hans – den grådige forretningsmannen Phoncible P. Bone og den hyggelige og velmeinande Smiley. På grunn av Phoncible sin grådighet må dei flykte frå heimbyen Boneville og hamnar i den mystiske dalen. Dette er starten på mange eventyr. Bone ser ved første blikk ut som ein barneserie, men det er vel så mykje ein vaksenserie der den vekslar  mellom humor og alvor, komedie og spenning. ASVbib har dei to bøkene som har utgitt på norsk og vil kjøpe inn fleire så snart dei kjem ut. Serien har også si eiga heimeside på Internett. Eg gler meg alt til neste bok. Veldig bra.

Death Note er ein japansk mangaserie om den  toppstudenten Light Yagami. Han er 17 år og kjedar vettet av seg. Ein dag finn han ei notisbok som Shinigamien (dødsguden) Ryuk har etterlatt i menneska si verd. Alle som får namnet sitt skrive i denne boka vil dø, og Light bestemmer seg for å bruke Death Note til å drepe alle onde menneske i heile verda. Politi i heile verda anar uråd når forbrytarar dør ein etter ein, og dei sender den mystiske detektiven L etter mordaren. ASVbib har p.d. dei 6 første binda i serien på norsk og kjøper nye når dei kjem ut.
Eg har til no berre lest bind 1 i serien, og likar den veldig godt. Det tok litt tid å bli vant til å lese frå høgre mot venstre, men så snart eg fekk taket på det så koste eg meg veldig.  Eg kjem nok til å lese vidare.

Palestina er Joe Sacco si fantastiske beretning frå eit tomånaders opphald på Vestbredden og Gaza under den første intifadaen i 1991-92. Han tar for seg konflikta i Midtøsten, okkupasjonen og håpløysa menneska der føler. Den vanskelege konflikta blir skildra gjennom mange forskjellige ansikt og stemmer, og forfattaren sine eigne tankar og følelsar får også plass.
Teikneserieformen formidlar dette vanskelege temaet på ein måte som knapt noko anna medium kan. Dette er ei aldeles fabelaktig bok. Les, les, les!

I Persepolis fortel Marjane Satrapi om sin oppvekst og ungdom i Iran og Østerrike. Teheran 1978. Marjane er 8 år og dotter av kultiverte og velutdanna foreldre som håpar på eit nytt og meir demokratisk Iran. Men det blir fort klart at det ikkje går slik dei ønskjer når den Islamske Republikk og alle dens nidkjære voktarar overtar styringa. Nokre få år etterpå bryt krigen mot Irak ut. Marjane sine foreldre tar til slutt den tunge beslutninga at dei vil sende henne på skule i Wien. Der venter eit heilt anna liv, men er det eit betre liv? Det er vanskeleg å vekse opp langt frå familie og kulturen ein kjenner, og kva med å vende heim igjen…
Dette er ei veldig god grafisk oppvekstforteljing og det er ikkje rart at Persepolis er blitt filmatiser . ASVbib har sjølvsagt filmen og.

Husfred av Alison Bechdel er også ein sterk oppveksthistorie.
Alison Bechdel førte dagbok som barn, og glimt frå denne dagboka dukkar opp gjennom heile forteljinga.  I sentrum av forteljinga ligg hennar forhold til foreldra, og då spesielt faren.  Han er på same tid både tilstades og fråværande, ein mann med mange skjulte sider. Fasaden er engelsklæraren , tredje generasjons eigar av det familieeigde gravferdsbyrået og mannen som er glødande interessert i å pusse opp gamle hus. Men han er også skjult homofil, humørsjuk og uberekneleg. Den grafiske romanen tar for seg tema som homofili og sjølvmord, og Alison Bechdel brukar verdslitteraturen aktivt for å forstå seg sjølv og familien sin. Elles så har Alison Bechdel har i mange år teikna lesbeteikneserien Dykes to watch out for som også er veldig bra.
ASVbib har også Husfred på engelsk (Fun Home)

Piray er Karine Haaland sine fantastiske striper der ho godlynt mobbar alt og alle. Ingen går fri, og ingen er heilage – Piray sparkar i alle retningar og viser oss kor absurd verda kan vere. Serien har ingen hovudperson, men det er ein del figurar som går igjen.
Kostelege striper. For meg er dei perfekte på dagar då eg generelt føler meg litt amper.

I Eon presenterer Lars Lauvik oss for sitt spinnville persongalleri: Gud (pensjonert), maurslukaren Tetra (oppvaksen i ein telefonselgarkoloni på Jan Mayen), prøvekaninen Gonzales, Dogdraugen, m.fl. Serien kommenterer på sitt absurde vis aktuelle ting i samtida, eller det som forfattaren måtte ha lyst til å kommentere akkurat då. Gjestar i serien inkluderer m.a. Kjell Magne Bondevik, Terje Søviknes og Anne Holt. Lars Lauvik står også bak Wildlife og Oppgulp. Lars Lauvik er ein av mine favorittserieskaparar, og eg ler like godt kvar gong.

Vi har sjølvsagt Pondus og Nemi og.

Nokre teikneserielenker
Raptus – Bergen internasjonale tegneseriefestival
Bergen off. bibliotek si teikneserieside
Serienett – norsk nettidskrift om teikneseriar
Tegneserier en må lese fordi sånn er det bare – Blogg