Tag Archives: Kvinner

Står filmen du ser på Bechdeltesten?

Korleis står det eigentleg til med kvinnerollane i filmane vi ser?

Her er altså testen:
1. Er det to eller fleire kvinner med i filmen, og har dei namn?
2. Snakkar dei med kvarandre?
3. Snakkar dei med kvarandre om noko anna enn ein mann?

For moro skyld kan du jo også prøve å gjere ein «motsatt» bechdeltest på filmar du ser, er det mange som stryk på testen då?

Meir om testen og filmar som har stått på den kan du finne på The Bechdel Test Movie List.

Gratulerer med kvinnedagen 8.mars

I 1975 erklærte FN 8.mars som den internasjonale kvinnedagen, men historia om ein kvinnedag går heilt tilbake til 1910.

På 1970-talet var viktige saker m.a.  lik rett til arbeid og utdanning, utbygging av barnehagar, sjølvbestemt abort og seksuell frigjering. Dei siste åra har kvinnedagen fått mindre oppslutning i Norge, delvis fordi mange av krava er oppfylt og delvis fordi andre saker har kome i fokus i likestillingsdebatten.

Det er likevel gode grunnar til å markere den internasjonale kvinnedagen. Kvinner manglar framleis rettar i mange land i verda og er ofte hardast ramma av sjukdom, fattigdom og krig.

I Bergen blir 8.mars 2010 markert på Torgalmenningen frå kl.1700. Ein av talarane er Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken. Her blir det tatt opp nasjonale saker som likeløn og internasjonale saker som mødredødelighet og sexindustri.

I Bergen er 8.mars berre starten på ein vekes lang kvinnefestival .

Nervous conditions

Nervous conditions av Tsitsi Dangarembga handlar om ungjenta Tambu som veks opp på landsbygda i Rhodesia – no Zimbabwe –  på 60-talet. Etter barneskulen har bror hennar fått gå på misjonsskulen der onkelen hennar er rektor medan Tambu og søstrene ikkje får eit slikt tilbod. Tambu går på barneskule, men berre fordi ho klarer å finansiere skuleplassen sin sjølv.  Så døyr broren hennar, og sidan det ikkje er fleire søner i familien så er det Tambu som får gå på misjonsskulen.

Ho bur heime hjå onkelen og tanta og deler rom med kusina Nyasha som delvis har vakse opp i England medan foreldra henner studerte der. Nyasha slit med å leve opp til og akseptere den tradisjonelle kvinnerollen i shonakulturen og er i konstant opposisjon til faren sin som er overhovudet i storfamilien sidan han er både mann og har utdanning og god jobb. Ho utfordrar også stadig Tambu sine forestillingar om korleis verda fungerer og burde fungere. Nyasha si mor har like god utdanning som mannen sin, men let likevel mannen sin styre det meste. Tambu si mor lever eit tradisjonelt liv i storfamlien på landsbygda, eit liv der mennene for ein stor del styrer medan kvinnene arbeider.

Tambu, Nyasha og dei andre kvinnene i livet deira lever alle i eit krysspress. Dei er kvinner i klemme mellom den tradisjonelle kvinnerollen i den patriarkalske shonakulturen og ein staden meir likestilte kvinnerollen i den engelske kulturen, og dei er innfødde i eit land styrt av kolonimakta. For Tambu og Nyasha sin familie kjem og utdanninga inn som eit skilje mot resten av storfamilien, utdanninga gjer dei på mange måtar «engelske» og til koloniherrane sine gode døme gode og flinke afrikanarar.

I starten syns eg boka var litt tung å lese. Det blei brukt mange uttrykk frå shonaspråket og det tok litt tid å venne seg til at det var enkelte ord eg ikkje skulle forstå, berre vite sånn nokonlunde kva dei refererte til. Så snart eg kom forbi denne lille mentale sprerra var boka ei strålande lesaroppleving. Tambu, Nyasha og dei andre i boka framstår som virkelige personar med virkelige liv og eg blir etterkvart like frustrert som dei over sperrene som både kjønnsrollar, raseskilje og utdanningsskilje lagar. Til tross for at dette er ei bok om alvorlege emne er det inga trist bok og Tambu ingen sjølvmedlidande forteljar.

Veldig bra!

Dette syns andre om boka:
The book nest
Growing fins
Vindu mot verden