Tag Archives: Litteratur

Boktagging

Litt tidlegare i august blei ASVbib utfordra av Skolebibliotekaren (Silje) til å avsløre litt om si eiga lesing. Dei siste vekene har vore litt for hektiske til å få gjort noko med det, men eg fann ut at det kunne passe bra å gjere det på denne fredagen no når lærebokutlånet har roa seg ned litt. Det gjer også nye lesarar ein sjans til å bli litt meir kjent med bibliotekmennesket på Askøy vgs.

Kva for bok les du akkurat no?
Fleire faktisk, eg les nesten alltid fleire.  Sangen om Malonia av Catherine Banner er ei bra fantasybok av ein veldig ung forfattar. Elles så les eg Epiphany of The Long Sun av Gene Wolfe  (men er ikkje heilt sikker på om eg likar den) og Year’s Best Science Fiction. Den siste er ei veldig god novellesamling. Eg brukar alltid veldig lang tid på novellesamlingar, og denne er ikkje noko unntak. I bilen går det i lydbøker. Akkurat no høyrer eg Sea of poppies av Amitav Ghosh, veldig bra bok som ASVbib har i trykt utgåve.

Kor likar du best å lese?
I godstolen i stova eller krølla opp i eit sofahjørne. Eg les lite på senga, mest fordi eg er eit b-menneske som sovnar fort når eg endeleg er i seng. Lesing ute i skyggen på ein fin soldag er også kjekt.

Kva for bok skulle du ønske kunne blitt filmatisert?
Drømmen min blei oppfylt då Ringenes Herre blei filmatisert, så akkurat no har eg ikkje nokre store filmatiseringsbehov. Trur at Løgneren Locke Lamora av Scott Lynch kunne blitt ein bra film med nokre stilige visuelle effektar. Warner Brothers har visstnok kjøpt filmrettane til den, så kanskje det blir noko av.

Kva er favorittboka di?
Dette kan eg ikkje svare på.  Eg har ikkje ei favorittbok, men mange bøker som eg er veldig glad i. Her kjem eit lite utval i uprioritert rekkefølge: Doomsday book og fleire andre av Connie Willis, Den tidsreisendes kvinne av Audrey Niffenegger, Sult av Knut Hamsun, Boktyven av Markus Zusak, Harry Potter-bøkene av J.K. Rowling, Hobbiten og Ringenes herre av J.K.K. Tolkien, The Dispossessed og fleire andre av Ursula K. Le Guin, Den gamle mannen og havet av Ernest Hemingway, Beretningen om et varslet mord av Gabriel García Márquez, Egalias døtre av Gerd Brantenberg, Dark Lord of Derkholm av Diana Wynne Jones, Good Omens av Terry Pratchett og Neil Gaiman (igrunnen det meste av dei to karane), En bønn for Owen Meaney av John Irving, Tomorrow-serien av John Marsden, Veien av Cormac McCarthy, Vann til elefantene av Sara Gruen, The Gone-Away World av Nick Harkaway, Jon Bing sin serie om stjerneskipet Alexandria (eit bibliotekromskip, eg hadde sagt ja til jobb der på flekken)….. med mange fleire.

Er det nokre bøker du ser fram til å lese dei neste månadene? Kva for bøker?
Eg kan nesten ikkje vente til All Clear av Connie Willis kjem dumpande ned i postkassa i slutten av oktober. Dette er slutten på forteljinga som blei starta i Blackout som eg las i vår, og eg gler meg vanvittig til fortsetjinga. Mockingjay, den tredje og siste boka i Dødslekenetrilogien gler eg meg også til. Reknar med at den norske utgåva også kjem ganske fort.  Heime ligg også John Irving si nye bok Siste natt i Twisted River og ventar, gler meg til den og.

Kva syns du er den finaste forsida på ei bok?
Eg har nok ein større tendens til å falle for titlar enn forsider, men ei forside utmerkar seg i mitt hovud. Boktyven plukka eg først opp på bokhandelen på grunn av forsida og eg syns framleis at den er heilt fantastisk. Vakker og nifs på ein gong.

Den siste oppgåva er å tagge tre andre bloggarar som også blir forventa å gå gjennom denne øvinga. Frå meg blir det Elis Lesebabbel (alltid gøy å lese), Bentebing’s Weblog (Meland kommune sin kjempesøte biblioteksjef) og Bibliotekarens bibliotek (berre for å stresse han litt).

Advertisements

Biblioteket – nytt tidsskrift på biblioteket

«Biblioteket» er eit nytt litteraturtidsskrift for alle som likar å lese og har artiklar om alle typar litteratur som krim, serielitteratur, ny litteratur og dei store klassikarane.

Bladet stiller og dei store litterære spørsmåla: Kva er eigentleg god litteratur? Og kvifor er den god?

I det første nummeret finn du dette:

  • Frid Ingulstad skriv om serielitteratur, skriveglede og leselyst
  • Kurt Aust skriv om Dan Brown si bok Det tapte symbol
  • Drude von der Fehr skriv om  Subjektivitet som litterært kvalitetskriterium
  • Jørn roeim skriv om Vitsen som litteratur
  • Arne Hjorth Johansen skriv om Nordmenns lesevaner
  • m.m.

Bladet finn du i tidsskrifthylla på biblioteket.

Bøker på engelsk

Engelskspråklege bøker for Askøy vgs.

Nokre av dei engelskpråklege bøkene vi har på Askøy vgs. De finn fleire her, og lista blir stadig lengre.

The BBC Meme, eller eg veddar på at eg har lest fleire enn 6

Ein gong for all for mange månader sidan utfordra ei veninne meg med denne leselista. BBC meiner at folk flest berre har lest 6 av desse bøkene/bokseriane. Korleis er det med deg?

Instruksjon: Kopier lista og sett ein «x» bak bøkene du har lest. Send utfordringa vidare til andre boknerdar.

Så her er lista med mine x’ar og merknader. Favorittar har fått store X’ar

1 Pride and Prejudice – Jane Austen
2 The Lord of the Rings – JRR Tolkien X
3 Jane Eyre – Charlotte Bronte
4 Harry Potter series – JK Rowling  X
5 To Kill a Mockingbird – Harper Lee
6 The Bible – x (på eit tidspunkt då eg faktisk prøvde å tru på dette)
7 Wuthering Heights – Emily Bronte
8 Nineteen Eighty Four – George Orwell  x
9 His Dark Materials – Philip Pullman  X
10 Great Expectations – Charles Dickens
11 Little Women – Louisa M Alcott
12 Tess of the D’Urbervilles – Thomas Hardy
13 Catch 22 – Joseph Heller
14 Complete Works of Shakespeare
15 Rebecca – Daphne Du Maurier
16 The Hobbit – JRR Tolkien  X
17 Birdsong – Sebastian Faulk
18 Catcher in the Rye – JD Salinger
19 The Time Traveler’s Wife – Audrey Niffenegger  X
20 Middlemarch – George Eliot
21 Gone With The Wind – Margaret Mitchell  x
22 The Great Gatsby – F Scott Fitzgerald  x
23 Bleak House – Charles Dickens
24 War and Peace – Leo Tolstoy
25 The Hitch Hiker’s Guide to the Galaxy – Douglas Adams  X
27 Crime and Punishment – Fyodor Dostoyevsky (tél det å komme til side 50 ca. 6 gonger?)
28 Grapes of Wrath – John Steinbeck  X
29 Alice in Wonderland – Lewis Carroll  x
30 The Wind in the Willows – Kenneth Grahame  x
31 Anna Karenina – Leo Tolstoy
32 David Copperfield – Charles Dickens  x
33 Chronicles of Narnia – CS Lewis  x
34 Emma-Jane Austen
35 Persuasion – Jane Austen
36 The Lion, The Witch and The Wardrobe – CS Lewis  x
37 The Kite Runner – Khaled Hosseini  X
38 Captain Corelli’s Mandolin – Louis De Bernieres
39 Memoirs of a Geisha – Arthur Golden
40 Winnie the Pooh – AA Milne  X
41 Animal Farm – George Orwell  x
42 The Da Vinci Code – Dan Brown  x (Ja, men fattar framleis ikkje kvifor.)
43 One Hundred Years of Solitude – Gabriel Garcia Marquez
44 A Prayer for Owen Meaney – John Irving  X
45 The Woman in White – Wilkie Collins
46 Anne of Green Gables – LM Montgomery  x
47 Far From The Madding Crowd – Thomas Hardy
48 The Handmaid’s Tale – Margaret Atwood   x
49 Lord of the Flies – William Golding  x (Hata den intenst, men den var pensum)
50 Atonement – Ian McEwan
51 Life of Pi – Yann Martel
52 Dune – Frank Herbert   x
53 Cold Comfort Farm – Stella Gibbons
54 Sense and Sensibility – Jane Austen
55 A Suitable Boy – Vikram Seth
56 The Shadow of the Wind – Carlos Ruiz Zafon  x (håpte heile tida at den skulle bli betre og leve opp til starten, men nei då…)
57 A Tale Of Two Cities – Charles Dickens
58 Brave New World – Aldous Huxley  x
59 The Curious Incident of the Dog in the Night – Mark Haddon  X
60 Love In The Time Of Cholera – Gabriel Garcia Marquez  x
61 Of Mice and Men – John Steinbeck  X
62 Lolita – Vladimir Nabokov
63 The Secret History – Donna Tartt
64 The Lovely Bones – Alice Sebold
65 Count of Monte Cristo – Alexandre Dumas  x
66 On The Road – Jack Kerouac
67 Jude the Obscure – Thomas Hardy
68 Bridget Jones’s Diary – Helen Fielding  x
69 Midnight’s Children – Salman Rushdie
70 Moby Dick – Herman Melville  (Eg é ikkje amerikanarar og denne ikkje særleg obligatorisk lesing heromkring)
71 Oliver Twist – Charles Dickens
72 Dracula – Bram Stoker   x
73 The Secret Garden – Frances Hodgson Burnett  x
74 Notes From A Small Island – Bill Bryson  x
75 Ulysses – James Joyce
76 The Inferno – Dante
77 Swallows and Amazons – Arthur Ransom
78 Germinal – Emile Zola
79 Vanity Fair – William Makepeace Thackeray
80 Possession – AS Byatt  (Eg prøvde, eg prøvde…)
81 A Christmas Carol – Charles Dickens  x
82 Cloud Atlas – David Mitchell  x
83 The Color Purple – Alice Walker  X
84 The Remains of the Day – Kazuo Ishiguro
85 Madame Bovary – Gustave Flaubert
86 A Fine Balance – Rohinton Mistry
87 Charlotte’s Web – EB White
88 The Five People You Meet In Heaven – Mitch Albom
89 Adventures of Sherlock Holmes – Sir Arthur Conan Doyle
90 The Faraway Tree Collection – Enid Blyton
91 Heart of Darkness – Joseph Conrad
92 The Little Prince – Antoine De Saint-Exupery
93 The Wasp Factory – Iain Banks
94 Watership Down – Richard Adams  x
95 A Confederacy of Dunces – John Kennedy Toole
96 A Town Like Alice – Nevil Shute  X
97 The Three Musketeers – Alexandre Dumas
98 Hamlet – William Shakespeare – x  (Såg eg ikkje Shakespeare i komplett samling lenger oppe? Men eg har iallfall fnist meg gjennom Hamlet og Macbeth – fans av Terry Pratchett forstår sikkert grunnen til fnisinga)
99 Charlie and the Chocolate Factory – Roald Dahl  x
100 Les Miserables – Victor Hugo

40 totalt, som ein del av min pågåande kamp for ikkje å vere folk flest så er vel dette greit. Det er og nokre i lista eg har forsøkt på, men ramla av veldig fort. Generelt apellerer t.d. moderne litteratur meir til meg enn Jane Austen og kompani og det bér nok avkryssinga preg av. Utfordringa går vidare til Silje som bloggar på Tanks vgs. og Bergen Maritime vgs.

En uvanlig leser

En uvanlig leser av Alan Bennett er ei morsom forteljing om dronninga av England.

Ein dag rotar dronninga seg inn på bokbussen som har stopp ved slottet, og for å vere høfleg lånar ho ei bok. Dronninga blir raskt ein ivrig lesar  og dette byrjar etterkvart å uroe både hoffet og regjeringa. Lesinga endrar måten dronninga ser på seg sjølv – både kva som er plikt og kva som er glede. Dei høflege gamle spørsmåla om kor folk kjem ifrå og korleis trafikken var, blir erstatta av spørsmål om kva dei les for tida, og dette har dei fleste ikkje noko svar på. Ho byrjar og å få ganske opprørske tankar om dronningrolla, og det skal bli verre – ho vil skrive sjølv.

For ein ivrig lesar med store haugar av bøker som ho skal lese, er dette ei kosteleg bok. Eg kjenner meg igjen når dronninga må avbryte lesinga si på grunn av eit viktig offisielt oppdrag og knapt kan tenke på noko anna enn å komme tilbake til boka si. Også behovet for alltid å ha med seg ei bok er velkjent. Dronninga er kanskje ikkje ein så uvanleg lesar som tittelen skulle tilsei.

Boka henviser til mange forfattarar, både folk eg har høyrt om og folk eg aldri har høyrt om. Det er nok ein fordel å kjenne ein del til litteratur når ein skal lese denne boka, men det er på ingen måte nødvendig. Boka er full av morsomme situasjonar og observasjonar som alle kan sette pris på uansett litterær ballast.

Dette skriv andre om boka:
Kongelig bokorm – Dagbladet
Dronning hekta på bøker – Dagsavisen
Fantastisk morsom! – Books for keeps (blogg)
Kostelig om lesingens konsekvenser – Bergens Tidende