Tag Archives: Norrøn mytologi

Song for Eirabu – Slaget på Vigrid

Knapt noko enkeltbok har vore blogga så mykje om i Norge siste halvåret som Kristine Tofte si «Slaget på Vigrid«, første bok i serien Song for Eirabu, og knapt noko enkeltbok som har fått så mykje ros.

Eirabu består av fleire småkongerike kring Storhavet i ei verd ikkje ulik Norden i norrøn tid. Søstrene Berghitte og Ragna har vakse opp på ein avsides gard og stort sett vore kvarandre si beste støtte. Dei er begge bestemt for skjebner dei ikkje veit noko om, og då jentene er 14 og 15 år gamle blir alt sett i rørsle. Eldstejenta Ragna blir blodgytje hjå Kong Brage av Blåinn og Berghitte blir sendt sørover til det krigshissige Syrren som brud for den tyrraniske syrrenske kongen. Då krigen bryt ut og slaget står på Vigrid står jentene på kvar si side. Samtidig er det ikkje berre menneska som rår over Eirabu. Eirabu sin undergang er forlengst spådd og det er mange sterkare krefter som vil ha eit ord med i laget i det som kan bli den siste striden.

Eg kan berre slutte meg til alt det fine som er sagt om Song over Eirabu. Spennande historie der mangt framleis er skjult etter at første boka er ferdig og sterke og interessante hovudpersonar. Og så må eg nemne språket: Kristine Tofte skriv ein nydeleg nynorsk. Det er som å lese musikk, det er mjukt og sterkt, det har klang, farge og variasjon.  Som min gode kamerat Thomas Brevik seier på Bokelskere.no: «Dette er en av de beste fantastiske bøkene jeg har lest. Språket er til å svømme i og handligen er spennende og full av overraskelser.»

Eg gler meg vanvittig til neste bok!

Forfattaren har også blogga om skriveprosessen.

Dette syns andre om Song for Eirabu – Slaget på Vigrid
Blodgydjer i krig – Dagbladet
Fantasy på norsk – Bibliotekarens bibliotek (Thomas Brevik igjen)
Hagen på hytta
Late dagar i Eirabu – Flimre
Bharfot
SeredipityCat
Hjorthen uttaler seg om ting han ikke har greie på

Advertisements