Tag Archives: Oppvekst

The Gone-Away World

Nick Harkaway er debutant og står bak ei roman som eg ikkje klarar heilt å forklare kva handlar om. Det er ei forteljing om krig, om oppvekst, om kjærleik, om ninjaer, om mimeartistar, om vennskap, om identitet… Den er alt. Den har godt språk, har strålande observasjonar, forlet hovudforteljinga for å ta all slags avstikkarar, og er berre heilt fantastisk!

Sånn overfladisk sett handlar boka om Gonzo og vår namnlause forteljar som lever i ei post-akopalyptisk verd der det einaste som gjer noko av planeten leveleg er the Jorgmund pipe, og den står i brann. Men så gjer forteljaren eit hopp tilbake i tid og vi får følge dei to kameratane frå det første møtet i sandkassen, gjennom oppvekst og utdanning, gjennom krigen i landet Addeh Katir der det ultimate våpenet blir tatt i bruk og inn i verda slik den er etter krigen. Dette er ei bok som stadig vekk tar sine eigne avstikkarar innom funderingar om nytta av sauer på slagmarka, referansar til Star Trek, romantikk i eit krigsherja land, førstehjelp på slagmarka og mykje meir. Alt-i-alt høyrest ikkje dette særleg morsomt ut, men det er faktisk ei svært morsom bok og.

Eg syns det var litt vanskeleg bok å begynne på, men det innleiande slitet over dei første 10-20 sidene var så absolutt verd det! Og språket er heilt herleg det og. Eg håpar at Nick Harkaway kan skrive fleire like gode bøker, eg gler meg alt vilt til neste.

Les, les, les!

Dette syns andre om The Gone-Away World

Nervous conditions

Nervous conditions av Tsitsi Dangarembga handlar om ungjenta Tambu som veks opp på landsbygda i Rhodesia – no Zimbabwe –  på 60-talet. Etter barneskulen har bror hennar fått gå på misjonsskulen der onkelen hennar er rektor medan Tambu og søstrene ikkje får eit slikt tilbod. Tambu går på barneskule, men berre fordi ho klarer å finansiere skuleplassen sin sjølv.  Så døyr broren hennar, og sidan det ikkje er fleire søner i familien så er det Tambu som får gå på misjonsskulen.

Ho bur heime hjå onkelen og tanta og deler rom med kusina Nyasha som delvis har vakse opp i England medan foreldra henner studerte der. Nyasha slit med å leve opp til og akseptere den tradisjonelle kvinnerollen i shonakulturen og er i konstant opposisjon til faren sin som er overhovudet i storfamilien sidan han er både mann og har utdanning og god jobb. Ho utfordrar også stadig Tambu sine forestillingar om korleis verda fungerer og burde fungere. Nyasha si mor har like god utdanning som mannen sin, men let likevel mannen sin styre det meste. Tambu si mor lever eit tradisjonelt liv i storfamlien på landsbygda, eit liv der mennene for ein stor del styrer medan kvinnene arbeider.

Tambu, Nyasha og dei andre kvinnene i livet deira lever alle i eit krysspress. Dei er kvinner i klemme mellom den tradisjonelle kvinnerollen i den patriarkalske shonakulturen og ein staden meir likestilte kvinnerollen i den engelske kulturen, og dei er innfødde i eit land styrt av kolonimakta. For Tambu og Nyasha sin familie kjem og utdanninga inn som eit skilje mot resten av storfamilien, utdanninga gjer dei på mange måtar «engelske» og til koloniherrane sine gode døme gode og flinke afrikanarar.

I starten syns eg boka var litt tung å lese. Det blei brukt mange uttrykk frå shonaspråket og det tok litt tid å venne seg til at det var enkelte ord eg ikkje skulle forstå, berre vite sånn nokonlunde kva dei refererte til. Så snart eg kom forbi denne lille mentale sprerra var boka ei strålande lesaroppleving. Tambu, Nyasha og dei andre i boka framstår som virkelige personar med virkelige liv og eg blir etterkvart like frustrert som dei over sperrene som både kjønnsrollar, raseskilje og utdanningsskilje lagar. Til tross for at dette er ei bok om alvorlege emne er det inga trist bok og Tambu ingen sjølvmedlidande forteljar.

Veldig bra!

Dette syns andre om boka:
The book nest
Growing fins
Vindu mot verden