Tag Archives: Science Fiction

The Maze Runner av James Dashner

The Maze Runner by James DashnerTenk deg korleis det er å vere ei forsøksmus som heile tida må springe rundt i ein labyrint. Labyrinten endrar seg frå dag til dag og i tillegg inneheldt den andre farar. Då vil du få ein god ide om korleis livet er for gutane (og den eine jenta) i The Maze Runner av James Dashner.

Eg hadde sett fram til å lese denne boka. Den såg veldig spennande ut og blir ofte samanlikna med den fabelaktige Dødslekene/The Hunger Games av Suzanne Collins.  Dessverre så endte eg opp med meir blanda følelsar for The Maze Runner.

Den startar veldig bra. Thomas vaknar opp i eit mørk og bråkete lite rom. Det einaste han kan hugse om seg sjølv er fornamnet, alt anna er vekke. Det mystiske rommet bevegar seg, snart opnar luke i taket seg og han befinn seg saman med ein stor flokk ukjente gutar på ein ukjent stad.

Det var her frustrasjonen begynte. På dei neste sidene prøver Thomas å finne ut kva for stad han har hamna på. Denne informasjonen må han stort sett vente på og den informasjonen han får er veldig oppstykka. Det er berre irriterande! For Thomas og for meg som lesar.  Generelt sett så har eg ingenting i mot at forfattaren heldt tilbake informasjon for å bygge opp historien, men eg protesterer når det virkar som om informasjon som kunne vore gitt i løpet av to sider blir gitt ut litt etter litt kun for å gjere boka litt lenger. Kanskje forfattaren og forlaget syntes at det ville forlenge og intensivere spenninga? Ikkje veit eg.

Heldigvis blir tempoet betre etterkvart. Utanom nokre stopp når Thomas bekymrar seg over den manglande hukommelsen sin eller når det tar alt for lang tid å hale litt enkel informasjon ut av ein av guttane i labyrinten, så er det faktisk veldig spennande.

Eg skulle ønske at eg vart meir følelsesmessig knytta til personane i boka. Eg trur eg ville vore det dersom eg ikkje hadde vore litt på kant med boka nesten frå begynnelsen av.

Som sagt før så har eg blanda følelsar. Eg syns at ein litt meir fortetta versjon av historien i The Maze Runner har alt som skal til for å gjere dette til ei storarta første bok i ein trilogi. Og sjølv om eg mislikar at historien haltar avgarde til å begynne med så må eg applaudere måten den får farten opp på etterkvart. Den spennande avslutninga som tydeleg viser at Thomas og dei andre guttane har fleire problem som ventar på dei, er også veldig bra. Lesarar som ikkje datt av i byrjinga på boka vil definitivt vere interesserte i å finne ut kva som skjer i bok nummer 2: The Scorch Trials.

Eg har høyrt rykte om at The Maze Runner skal komme på norsk, men førebels er den berre tilgjengeleg på engelsk.

Hjå meg får boka berre 3+, som straff for uthalingstaktikk.

Her kjem omtalar frå ein del folk som ikkje vart så irriterte som meg:

Advertisements

Slaughterhouse 5

Den første boka eg har lest i 2011 er «Slaughterhouse 5 or The Children’s Crusade : a duty-dance with death» av Kurt Vonnegut, ei av dei klassiske science fiction romanene som eg lenge har hatt på skal-lese-lista mi. Boka kom opprinneleg ut i 1969 og er også utgitt på norsk under tittelen «Slaktehus 5 eller Barnekorstoget : en pliktdans med døden«.

13.-15. februar 1945 slapp dei allierte styrkane nesten 4000 tonn bomber og brannbomber over den tyske byen Dresden. Som resultat av dette blei nesten 25000 drept og 39 kvkm av byen totaløydelagt. (Talet på drepte har tidlegare vore estimert så høgt som 250000, men ei undersøking som Dresden fekk igangsett i 2010 anslår at talet var maksimalt 25000).  Kurt Vonnegut var krigsfange i Dresden og opplevde bombinga. Etter bombinga blei han og andre krigsfangar sett til å samle saman lika slik at dei kunne bli begravde, men det var for mange og etterkvart blei lika brent der dei blei funne. Sjølv sa Kurt Vonnegut på eit tidspunkt at han var den einaste som fekk nokon fordel av bombinga av Dresden sidan Slaughterhouse 5 var den store gjennombruddsboka hans.

Hovudpersonen i Slaughterhouse 5 er optikaren Billy Pilgrim. Som ung og dårleg amerikansk soldat blir han tatt til fange og hamnar etterkvart i Dresden der han opplever dei same tinga som forfattaren sjølv opplevde. Etter krigen fullfører Billy optikarutdanninga si, får seg familie og blir ein velståande mann. Men, det er to ting som gjer Billy annleis enn andre:
1.Han sit ikkje fast i tida, så når som helst kan han finne seg sjølv på forskjellige plassar i livet sitt. Dette gjer at han aldri er heilt avslappa, men og at han alltid veit kva som kjem til å skje han.
2. På bryllaupsdagen til dotra blir han kidnappa av vesen frå planeten Tralfamadore og blir utstilt der ei tid saman med filmstjerna Montana Wildhack. Tralfamadoriane er vise og lærer Billy at menneska ikkje kan sjå tida slik den eigentleg er. Tida er som ei fjellrekke, der alle tidspunkt er til stades og eksisterer samtidig. Alle tidspunkt er som dei er fordi dei må vere slik, men menneska kan berre sjå ein liten bit om gongen der trafaldamoriane kan sjå heile fjellrekka.

Eg elska denne boka. Akkurat som Billy sitt liv så er tidslinja i boka heller ikkje kronologisk. Vi hoppar fram og tilbake langs Billy si tidslinje i lag med han, og eg syns det er eit fabelaktig forteljartriks. Språket er gjennomført og usminka. Ingen fine omskrivingar for kroppslege funksjonar eller andre ting. Eg likar og at «forfattaren» aktivt er til stades i rammeforteljinga. Dette kunne vore ei veldig trist bok, men Vonnegut er ein tragikomisk mester. Spesielt med bruken av frasen «So it goes» som stadig kjem tilbake i løpet av boka.

Eg trur på mange måtar at dette er ei elsk eller hat bok og for meg var dette så absolutt ei elsk bok.

Andre folk har også elska den, og nokre mislikt den ganske sterkt. Det er nok folk som mislikar den, uansett om dei har lest den eller ikkje, til at den har fått ein 46.plass på den amerikanske bibliotekforeningen si liste over 100 most frequently challenged books : 2000-2009 (opp frå ein 67.plass tiåret før). So it goes. (for å sitere den mest brukte setningen i boka

Andre har også lest den. Nokre likar den, nokre likar den ikkje, men ingen tar til orde for noko forbud:

Aeon-paradokset

Aeon-paradokset er den tredje boka i Kjetil Johnsen sin serie Den 4.parallell.

Eg har forlengst blogga om og likt dei to første bøkene i serien, Lasarusfenomenet og Carrington-katastrofen.

Aeon-paradokset foregår stort sett i Caine sin heimeparallell. I denne parallellen vann nazistane og japanarane verdskrigen og nazistane styrer no den austlege delen av USA. Dei er imidlertid på vikande front i krigen mot Sentralstatane og den japanskstyrte vestelege delen av USA. I desperasjonen prøver dei å finne ein annan parallell å flykte til og styre over, og det er her dei treng Emma sin hjelp. Emma er sjølvsagt ikkje særleg interessert i å hjelpe nazistane, men det blir lagt eit press på henne som ho ikkje kan stå imot. Og kva er det med Eve Thompson, den eldre dama som ser ut til å vite kva Emma vil seie før ho seier det? Medan Emma er fanga på forskningssenteret prøver Caine desperat å finne ein måte å redde henne på.

Som dei to første bøkene i serien så er også denne veldig spennande og handlinga driv framover i stor fart. For ein lesar som trivs veldig godt med science fiction sjangeren så er dette storveies lesing. Eg gler meg alt til neste og siste bok i serien. Den skal heite Maria-eksperimentet og kjem ut i 2011 ein eller annan gong. Som ein del av arbeidet med den siste boka har forfattaren besøkt Black Hills i USA der både Mount Rushmore og Crazy Horse monumentet er å finne, og det siste skal visstnok ha ein sentral rolle i boka. For meg blir det gjensyn med kjente trakter, så eg gler meg ekstra over det.

Det er ikkje så mange andre som har omtalt denne boka, men Mari likar den iallfall.

Fire og Carrington-katastrofen

Dei fleste forfattarar skriv meir enn ei bok, og denne gongen er det bok nummer to i to seriar som blir omtalt her.

Carrington-katastrofen

I januar las og likte eg boka Lasarusfenomenet, den første boka i serien «Den 4. parallell» av Kjetil Johnsen. No har eg lest oppfølgaren: «Carrington-katastrofen«. Emma og Caine finn seg sjølv i ei ny verd, men det er ikkje Caine si heimverd. I denne verda blir Caine sett i fengsel, mistenkt for å ha skada Emma. Emma prøver å finne ein måte å få han fri, samtidig som ho prøver å finne ut meir om verda dei er i. Vi får også vite meir om Caine sin bakgrunn og verda han kjem frå, ei verd der ein Carrington-katastrofe har fått samfunnet til å bryte saman og borgarkrig til å bryte ut.

Som den første boka i serien er også denne veldig spennande. Eg syns imidlertid ikkje at den er like god som førsteboka, så det blir karakter 4.

Dette syns Kulturspeilet om boka.

————–

Fire

I fjor kom Kristin Cashore ut med boka Graceling som foregår i ei verd der nokre menneske er fødd med spesielle evner, såkalla «gåver».  Eg likte den veldig godt og har no lest Kristin Cashore si neste bok, Fire.

Boka finn stad i same verda som den forrige boka, men i landet The Dells finst det ingen Gracelings. Det dei derimot har er monster. Monster er dyr eller menneske med overjordisk skjønnhet, magnetisk tiltrekningskraft og evner til å påvirke folk sine tankar og følelsar. Små monster som gnagarar og kattar får lov til å leve, men store monster er farlige og blir jakta på. Dei farlegaste monstra av alle er menneskemonster og den siste av dei er Fire. Far hennar var eit monster som brukte evnene sine til å få makt og innflytelse, men Fire nektar å misbruke evnene sine på denne måten. Resultatet er at ho alltid er i fare og har valgt å leve isolert og beskytta i den nordlege delen av kongeriket.  Så begynnar ting å skje og Fire må reise til hovudstaden og hoffet for å hjelpe til å beskytte landet.

I tid finn boka stad før Graceling og ein person frå denne boka spelar ein stor rolle i Graceling, men eg ville uansett lest Graceling først sidan avsløringar i Fire vil øydellege litt av spenninga i Graceling.

Cashore gjer ein del ting i sine bøker som er uvanlig i fantasylitteratur. Det er sjeldan at eg har lest at kvinnelege hovudpersonar menstruerer, men i denne boka er det viktig sidan Fire er ekstra utsett for angrep frå andre monster når ho har mensen. Det er og tydeleg at Fire lever i eit brutalt samfunn der m.a. valdtekt i krigssituasjonar  og menn med makt som utnyttar kvinner med mindre makt er svært utbreidd. Samtidig er boka fylt med folk som er glade i kvarandre og lojale ovenfor kvarandre. Dette er tredimensjonale personar, ikkje papirdokker.

Det er vel ingen overraskelse at boka får ein 5’ar hjå meg.

Dette syns andre om boka:

Den 4.parallell – Lasarusfenomenet

Lasarusfenomenet er ei spennande bok!

Norske Emma bur i Nevada i USA der far hennar forskar på kvantefysikk. Saman med foreldra og lillebroren sin dra ho på besøk til Dinosaur National Monument. På parkeringsplassen tl besøkssenteret kjenner Emma at noko er galt, at det er noko ho ikkje heilt kan hugse. Det neste Emma opplever er å vakne frå koma på sjukehuset og få beskjed om at foreldra er døde i ei bilulykke. Ettersom dagane går blir Emma reddare og reddare…onkel Harry oppfører seg rart, Hillary Clinton er president til tross for at Emma er sikker på at det var Barack Obama som blei valgt, besteveninna hennar vil ikkje kjennast ved henne, lillebroren kan ikkje lenger snakke og oppfører seg også ganske rart, og tydeligvis er det fleire grupper av folk som er ute etter henne. Kva er det eigentleg for kvantefysikk faren hennar har forska på?

Lasarusfenomenet er første boka i ein serie som ifølge forfattaren er planlagt til å bestå av 4 bøker. Den neste kjem i løpet av våren 2010 og skal heite Carrington-katastrofen.

Boka er rask og grei å lese og er som sagt veldig spennande. Her er det både ytre action med slåsskampar, skyting, biljakter og hemmelege agentar, men endå spennande er det igrunne å følge med på Emma si jakt på seg sjølv og sine eigne minne.

Forfattar Kjetil Johnsen sin blogg.

Dette syns andre om boka:

The Ask and The Answer

The Ask and The Answer av Patrick Ness er andre boka i trilogien Chaos Walking. Førsteboka, The Knife of Never Letting Go, likte eg veldig godt.  I The Ask and The Answer held historien om Todd og Viola fram.

Eg vil ikkje skrive stort om innhaldet, fordi det vil øydelegge for lesinga av første boka i serien. Men den er kjempespennande, akkurat som The Knife of Never Letting Go.

Eg likte ikkje denne boka like godt som den forrige, men så likte eg også den veldig godt.  Todd og Viola er kompliserte personar som eg blir meir og meir glad i, og «skurkane» framstår heller ikkje som enkle og eindimensjonale. Det er fascinerande å sjå korleis «noise» (dei høyrbare tankane) både kan avsløre deg, skjule sanning og gje fiendar middel til å manipulere deg. Det blir i løpet av boka også meir og meir klart at dei innfødde, Spackle, absolutt er ein faktor som må reknast med når planeten si framtid skal avgjerast.

Eg har store forhåpningar til siste boka i trilogien «Monsters of Men». Den kjem ut ein eller annan gong i 2010.

Dette syns andre om boka:

The Gone-Away World

Nick Harkaway er debutant og står bak ei roman som eg ikkje klarar heilt å forklare kva handlar om. Det er ei forteljing om krig, om oppvekst, om kjærleik, om ninjaer, om mimeartistar, om vennskap, om identitet… Den er alt. Den har godt språk, har strålande observasjonar, forlet hovudforteljinga for å ta all slags avstikkarar, og er berre heilt fantastisk!

Sånn overfladisk sett handlar boka om Gonzo og vår namnlause forteljar som lever i ei post-akopalyptisk verd der det einaste som gjer noko av planeten leveleg er the Jorgmund pipe, og den står i brann. Men så gjer forteljaren eit hopp tilbake i tid og vi får følge dei to kameratane frå det første møtet i sandkassen, gjennom oppvekst og utdanning, gjennom krigen i landet Addeh Katir der det ultimate våpenet blir tatt i bruk og inn i verda slik den er etter krigen. Dette er ei bok som stadig vekk tar sine eigne avstikkarar innom funderingar om nytta av sauer på slagmarka, referansar til Star Trek, romantikk i eit krigsherja land, førstehjelp på slagmarka og mykje meir. Alt-i-alt høyrest ikkje dette særleg morsomt ut, men det er faktisk ei svært morsom bok og.

Eg syns det var litt vanskeleg bok å begynne på, men det innleiande slitet over dei første 10-20 sidene var så absolutt verd det! Og språket er heilt herleg det og. Eg håpar at Nick Harkaway kan skrive fleire like gode bøker, eg gler meg alt vilt til neste.

Les, les, les!

Dette syns andre om The Gone-Away World