Tag Archives: Spøkelser

The Blue Girl

Imogene har nett flytta til ein ny by og begynt på ein ny vidaregåande skule. Ho er ei tøff jente som likar å køyre sitt eige løp og alt første dagen på skulen blir ho venner med Maxine som ikkje akkurat er den mest populære jenta på skulen. Ho begynner snart også å legge merke til ein gutt som stadig kikkar på henne. Det er berre det at ingen andre kan sjå denne gutten og det viser seg snart at Adrian er eit spøkelse.  Han er ein venn av skulen sine husnissar og vil gjerne at Imogene skal sjå dei og. Problemet er berre at husnissane sin måte å gjere henne i stand til å sjå dei også betyr at mørke krefter i skyggane legg merke til Imogene. Imogene, Maxine, Adrian og Pelly (Imogene sin likevel-ikkje-så-imaginære usynlige venn frå barndommen) må ta opp kampen for å redde Imogene.

Charles de Lint skriv fantasybøker, men ikkje den typen fantasy som Ringenes Herre og liknande, og han har vunne mange prisar for bøkene sine.  Charles de Lint sine bøker foregår som oftast på stader i vår eiga verd i vår eiga tid der grensene mellom ånde-/mytolog-/fantasiverda og vår eiga verd er tynne. Slik er det også i The Blue Girl der fantasyverda med husnissar, spøkelse og imaginære venner viser seg å vere virkelige og å ha ein innflytelse over vår eiga verd.

Eg likte The Blue Girl veldig godt. Imogene er ei interessant jente med både tøffe og mjuke sider og ho gjorde inntrykk på meg. Eg likar og at boka har tre forteljarstemmer. Imogene, Maxine og Adrian får alle fortelje sine historiar. Det er greit å vite kven som fortel sidan kapitla alle har overskrifter som «Now: Imogene» og «Then: Adrian». Boka har greit språk og bør vere lett å lese for alle som er så nokonlunde gode i engelsk.  Og, ja, Imogene blir blå.

Dette syns andre om boka:
Greenmanreview
Bloggers-heart-books
Valentina’s Room