Tag Archives: Spenning

Vi er de døde

Vi er de døde av Tore Oksholen handlar om Caspar. Caspar ftyktar turen fram og tilbake til skulen, det er nemlig to karar som er etter han. Ein dag får dei tak i han og prøver å brenne handa hans med ein lighter. Caspar blir redda av ei jente han aldri har sett før og som ingen andre kan sjå.

Bestefaren til Caspar jobba som brannmann i mange år, og han fortel historiar om ildbarnet. Caspar prøver å finne ut meir og oppdagar at historiar om ildbarnet har dukka opp langt bakover i tida. Kven er ho eigentleg? Finst ho i det heile? Er ho god eller vond?

Samtidig må han passe seg for plageåndene – og finne litt ut av sånne kjærleiksgreier.

Omslaget er veldig flott. Tittelen er litt meir usikker på. Det har nok mest å gjere med at det er nokre ting i boka som eg som lesar gjerne skulle hatt litt meire informasjon om, og noko av dette refererer direkte til tittelen.

Elles så skulle eg ønske at boka var litt lenger. Det går ofte litt fort i svingane og det blir litt som om forfattaren prøver å få med meir i boka enn det eigentleg er plass til på dei utmålte sidene. På den måten blir det ein del ting som ikkje få nok plass, eg vil gjerne vite meir.  Dette er på ingen måte ei dårleg bok, eg trur berre at den hadde kunne vore mykje betre. Så då blei det ein 3’ar.

Dette syns andre:

Advertisements

Jakten på Atlantis

Eg syns det var vanskeleg å gje nokon  rettferdig karakter til Jakten på Atlantis av Andy McDermott. Den endte til slutt, under tvil, på ein 3’ar. Dette er grunnen.

Det er ei heseblesande spenningsforteljing som flyttar seg rundt mellom Nord-Amerika, Europa, Asia og Sør-Amerika. Heltinna og helten kjem seg gjennom utallige halsbrekkande situasjonar der helten reddar livet hennar og blir litt romantisk skada, men ikkje verre enn at han er heilt fin igjen på neste side. Eg syns igrunnen helten er ganske irriterande. Dersom nokon hadde brukt den flørteteknikken på meg så hadde eg mista ei eventuell interesse på ca. 2 sekund. Men heltinna likar det, så…. Historien heng saman, noko som er livsviktig for dei fleste bøker. Eg syns det er nokså usannsynleg at ein norsk milliardær har fått lov til å anlegge ei 2 km. lang rullebane i ein fjord nett sør for Bergen, men det får no så vere. Boka var til tross for sine klisjear heldigvis ikkje heilt forutsigbar. Eg likar at forteljinga tar nokre uventa vendingar undervegs, det var igrunnen det som fekk meg til å lese den ferdig. Innhaldsmessig syns eg ein 3’ar var heilt greit.

Så var det omsetjinga. Omsetjarar får ikkje så mykje merksemd, vanlegvis er det ein setning om at det var greit omsett eller godt omsett. Denne omsetjinga kjem eg til å sei litt om. Eg kan tilgje ei omsetjarblemme, kanskje til og med to, men med denne boka vart det for mange til å ikkje nemne det. Etterkvart byrja eg å sette inn post-it-lappar der dei verste feilane var, og det vart ein del lappar.
Eit par døme: Eit helikopter blir i samme actionsekvens omtalt som både helikopter og fly. Eg reknar med at det i originalteksten har stått «aircraft», så helikopter og luftfartøy brukt om kvarandre hadde vore greit, men helikopter og fly er ikkje det samme. Ein annan stad er det snakk om at ein fjellskrent ser ut til å vere grunn nok til å komme ned utan klatreutstyr. På engelsk blir utrykket shallow gradient brukt om ei slak stigning og eg tippar ordet «shallow» på ein eller annan måte har vore brukt i originalteksten. Så har det truleg blitt omsett direkte utan tanke for kva som er korrekt uttrykksmåte på norsk. Ein annan stad blir det snakka om den periodiske tidstabellen. Utfrå resten av setningen antar eg at det eigentleg er snakk om det periodiske systemet. Kjemikaren eg har konsultert om dette hadde heller aldri høyrt om ein periodisk tidstabell. Det er fleire andre rare ting rundt om i teksten i tillegg til desse. Forlaget skal også ha sin del av kjeften sidan eit par namn er stava på to forskjellige måtar på samme side, dette burde blitt avslørt av ein enkelt stavekontroll. Alt i alt syns eg desse tinga viser at både omsetjar og forlaget har slurva med denne boka, og det fortjener dei ein 1’ar for.

Til saman blir det altså ein veldig svak 3’ar, men folk som ikkje blir irriterte over slike språklege ting kan tolke det som ein sterk 3’ar. Andy McDermott omtalar sjølv bøkene sine som «Indiana Jones møter James Bond», og det er ganske treffande. Synd at denne boka er mindre morsom enn Indiana Jones, men kanskje den vil vere morsommare som film.

Boka er forresten den første i ein serie bøker med dei samme hovudpersonane. På engelsk har det til no komt ut 6 bøker i serien og den neste er venta i 2011. På norsk er det førebels berre denne som har komt ut.

Dette syns ein del folk som har lest boka på engelsk:

Aeon-paradokset

Aeon-paradokset er den tredje boka i Kjetil Johnsen sin serie Den 4.parallell.

Eg har forlengst blogga om og likt dei to første bøkene i serien, Lasarusfenomenet og Carrington-katastrofen.

Aeon-paradokset foregår stort sett i Caine sin heimeparallell. I denne parallellen vann nazistane og japanarane verdskrigen og nazistane styrer no den austlege delen av USA. Dei er imidlertid på vikande front i krigen mot Sentralstatane og den japanskstyrte vestelege delen av USA. I desperasjonen prøver dei å finne ein annan parallell å flykte til og styre over, og det er her dei treng Emma sin hjelp. Emma er sjølvsagt ikkje særleg interessert i å hjelpe nazistane, men det blir lagt eit press på henne som ho ikkje kan stå imot. Og kva er det med Eve Thompson, den eldre dama som ser ut til å vite kva Emma vil seie før ho seier det? Medan Emma er fanga på forskningssenteret prøver Caine desperat å finne ein måte å redde henne på.

Som dei to første bøkene i serien så er også denne veldig spennande og handlinga driv framover i stor fart. For ein lesar som trivs veldig godt med science fiction sjangeren så er dette storveies lesing. Eg gler meg alt til neste og siste bok i serien. Den skal heite Maria-eksperimentet og kjem ut i 2011 ein eller annan gong. Som ein del av arbeidet med den siste boka har forfattaren besøkt Black Hills i USA der både Mount Rushmore og Crazy Horse monumentet er å finne, og det siste skal visstnok ha ein sentral rolle i boka. For meg blir det gjensyn med kjente trakter, så eg gler meg ekstra over det.

Det er ikkje så mange andre som har omtalt denne boka, men Mari likar den iallfall.

Dystopia 1 av Terje Torkildsen

Dystopia 1 av Terje Torkildsen handlar om seks elevar frå den internasjonale skulen i Stavanger som er på skuletur til London. Medan dei er der blir byen oversvømt av ei stor flodbølge. Alt samband med omverda blir brote og det blir erklært unntaktstilstand. Utan å vite noko om korleis situasjonen er heime i Stavanger har ungdommane og læraren som er med dei berre eit ønske. Dei vil heim.

Dette er ein spenndande start på ein planlagt fireboksserie. Boka er på ført, moderne og levande nynorsk utan spesielle vanskelege og uvante ord.

Til tross for at boka er spennande så fungerer den ikkje heilt for meg. Eg trur ikkje heilt på skildringane av korleis London vil fungere etter ein slik katastrofe, og eg trur ikkje heilt på skildringa av ungdommane heller. Eg syns ikkje boka er så veldig dårleg, berre ikkje at den er så veldig god heller. Forhåpentlegvis vil eg like Dystopia 2 betre når den kjem.

Men spennande er boka, det skal den ha.

Boka er ikkje anmeldt så veldig mange andre stader, men nokre andre meiningar fann eg:

  • Slapp dystopi – Barnebokkritikk
  • Røft og brutalt – Stavanger Aftenblad,  15.12.2009  – Artikkelen kan finnast på Atekst.

Terje Torkildsen er også forfattar av boka Marki Marco som han vann Uprisen for.

La den rette komme inn av John Ajvide Lindqvist

Av og til les ein eg bøker som eg ser er veldig gode, utan at eg klarar å bli glad i dei. Ei slik bok er La den rette komme inn av John Ajvide Lindqvist.

I 1981 bur 12 år gamle Oskar i forstaden Blackberg. Oskar er eit ensomt mobbeoffer som drøymer om hevn. Så møter han mystiske Eli i nabolaget, jenta som luktar litt vondt og som berre er ute om kvelden. Ho bur i lag med Håkan. Håkan er på eit oppdrag, eit oppdrag der han må drepe. Etterkvart er det fleire som døyr og Oskar byrjar seriøst å lure på kven Eli eigentleg er.

Oskar er hovudpersonen i boka, men i tillegg til han møter vi eit stort persongalleri. Viktige rollar har også ein nabogut og Blackberg si samling av halvgamle, småslitne alkoholikarar.

Dei mange personane og stemmene gjer det av og til litt vanskeleg å halde oversikta, men fleire av dei gjer og historien rikare. Alle stemmene har til felles at dei er blant dei som på ein eller annan måte ikkje passar inn i storsamfunnet.

Som sagt så klarar eg ikkje heilt å bli glad i La den rette komme inn. Det er forskjellige grunnar til det: Eg kunne godt klart meg utan ei eller to av dei mange forteljarstemmene, det blir rett og slett litt mange å forholde seg til og gjer at boka blir litt lang for meg. Eg er også ganske pysete. Med boka si plassering i ein vanleg svensk drabantby der både vampyrar og andre skikkelsar er personar ein «kjenner igjen» frå sitt eige nabolag, så blir dette berre litt for nifst for meg. Eli blir dessutan ekstra farleg sidan grensa mellom den uskuldige barnedelen av henne og den blodtørstige vampyrdelen er ganske uklar. Eg er som sagt litt pysete.

Det blir derfor ein 4’ar – dei som er mindre pysete enn meg kan god runde karakteren opp til 4,5.

Intervju med forfattaren i Aftenposten.

Dette syns andre om boka:

Boka er filmatisert og ASVbib har også filmen.  I tillegg har vi også bøkene Menneskehavn og Håndtering av udøde av John Ajvide Lindqvist. Dei skal også vere ganske skumle.

Vel, kanskje eg tør sjå filmen no som eg har lest boka. Kanskje…

Den 4.parallell – Lasarusfenomenet

Lasarusfenomenet er ei spennande bok!

Norske Emma bur i Nevada i USA der far hennar forskar på kvantefysikk. Saman med foreldra og lillebroren sin dra ho på besøk til Dinosaur National Monument. På parkeringsplassen tl besøkssenteret kjenner Emma at noko er galt, at det er noko ho ikkje heilt kan hugse. Det neste Emma opplever er å vakne frå koma på sjukehuset og få beskjed om at foreldra er døde i ei bilulykke. Ettersom dagane går blir Emma reddare og reddare…onkel Harry oppfører seg rart, Hillary Clinton er president til tross for at Emma er sikker på at det var Barack Obama som blei valgt, besteveninna hennar vil ikkje kjennast ved henne, lillebroren kan ikkje lenger snakke og oppfører seg også ganske rart, og tydeligvis er det fleire grupper av folk som er ute etter henne. Kva er det eigentleg for kvantefysikk faren hennar har forska på?

Lasarusfenomenet er første boka i ein serie som ifølge forfattaren er planlagt til å bestå av 4 bøker. Den neste kjem i løpet av våren 2010 og skal heite Carrington-katastrofen.

Boka er rask og grei å lese og er som sagt veldig spennande. Her er det både ytre action med slåsskampar, skyting, biljakter og hemmelege agentar, men endå spennande er det igrunne å følge med på Emma si jakt på seg sjølv og sine eigne minne.

Forfattar Kjetil Johnsen sin blogg.

Dette syns andre om boka:

My Swordhand is Singing

Eg er ikkje så veldig interessert i vampyrforteljingar. Dei forsøka eg har gjort med nokre av dei populære vampyrbøkene har stort sett endt med at boka er blitt lagt vekk til fordel for noko som er meir interessant, og den einaste TV-vampyrserien eg virkelig har fulgt med på er «Buffy the vampire slayer» der vampyrane stort sett blir tatt livet av. Så det var kanskje ein fordel at eg ikkje visste på forhånd at «My Swordhand is Singing» av Marcus Sedgwick er ei vampyrbok.

Peter og faren Tomas er tømmerhoggarar og har nett flytta til landsbyen Chust, ein eller anna stad Aust-Europa. Dei har alltid levd eit omflakkande liv, men har no for første gong slått seg ned ein stad for litt lengre tid. Tomas blir stadig meir alkoholisert og Peter er den som må ta seg av tømmerhogginga og vedkløyvinga slik at dei kan tjene penger. Peter har og eit godt auge til landsbyjenta Agnes.  Vinteren er på veg. I landsbyen har det vore fleire dødsfall i det siste og merkelege og truande ting byrjar å skje.

Dette er ikkje ei bok om sexy og potensielt snille vampyrar. Her er dei udøde farlege og tragiske skikkelsar som ikkje fører noko godt med seg. Marcus Sedgwick har brukt gamle myter frå Aust-Europa som inspirasjon til denne fortellinga og det gjer den ein heilt annan tone enn mange av dei vampyrhistoriane som er mest populære no for tida. Ordet «vampyr» blir forresten aldri brukt i boka medan ordet «nesferatu» blir brukt ein gong.

Marcus Sedgwick sløsar ikkje med orda. Han skriv med få ord, men brukar dei slik at ein kjenner uhygga krype innover seg når ein les, og uhygga varer framleis ved når ein er ferdig med boka. Det er ei bok med grei og likefram engelsk som inneheld einsemd, hjelpeløyse, redsel, kjærleik, mot og uhyggelege overnaturlige hendingar. Det er som ein ser for seg den vesle landsbyen i den store skogen; dekka av snø under ein blytung grå himmel.

Eg likte boka veldig godt og sidan boka vann The Booktrus Teenage Prize for 2007 så må juryen ha likt den og.

Dette syns andre om boka: