Tag Archives: Språk

Norsk er et klønete språk…..eller?

 

Advertisements

Omsetjingar

Veldig mykje av litteraturen dei fleste av oss les på norsk er omsett frå eit anna språk. Og i går oppdaga eg ein ny blogg som handlar om omsetjingar – Oversettblogg . Eg syns det er veldig interessant å få litt meir innblikk i korleis omsetjarar arbeider. Dette er ein veldig ny blogg, ein månad gammal i går, så det er ikkje så mange postar her enno, men dei som er her lovar godt.

Til no har bloggen vore innom omsetjarperler som har fått for lite merksemd, forskjellen på svenske smörgåsar og norske brødskiver, andre svenskefeller, studiereiser og research. Forhåpentlegvis vil det komme fleire gode innlegg herifrå. Eg skal iallfall følge med.