Tag Archives: Teikneseriar

Fables : Animal farm

Fables : Animal Farm av Bill WillinghamEtter at ein frykteleg, ukjent fiende invaderer Eventyrland flyktar mange av innbyggarane til vår verd. Her har dei som kan passere som menneske sitt eige samfunn i Fabelbyen midt i New York, medan dei som ikkje kan gå for menneske bur på Farmen på landsbygda.

Snøkvit og søstra Rose reiser opp til Farmen. Der er gardsbestyraren vekke og det foregår mystiske ting. Det er revolusjon på gang og Gullhår og bjørnungen har blitt vaksne sidan sist.

Som den forrige forteljinga i Fables, Legends in Exile, så likar eg også denne veldig godt. Den tar kjente eventyrfigurar og lar dei oppleve nye eventyr. Som tittelen viser spelar den sjølvsagt også på den kjente romanen Kamerat Napoleon (engelsk tittel: Animal Farm) av George Orwell. Teikneserieromanen står fint på eigne bein dersom ein ikkje kjenner til dei forskjellige historiane det blir referert til, men det blir sjølvsagt morsommare når du «tar» mange av referansane.

Som det første heftet i serien så har også dette komt på norsk, men er dessverre utseld frå forlaget.

ASVbib har også bestilt dei neste hefta i serien.

Dette syns andre:

Advertisements

Fables : Legends in exile

Etter at ein frykteleg, ukjent fiende invaderer Eventyrland flyktar mange av innbyggarane til vår verd. Her bur dei side om side med vanlege folk, men dei har også sitt eige samfunn i Fabelbyen midt i New York. Snøkvit prøver å administrere Fabelbyen, og når søstra hennar Rose blir meldt sakna og etterlet seg ein veldig blodig bustad, så er det Snøkvit og Den Store Stygge Ulven som må finne ut kva som har skjedd med henne.

Dette er mitt første møte med Bill Willingham sine fablar, og eg likar dei virkelig godt. Dette heftet er illustrert av Lan Medina, Stan Leialoh and Craig Hamilton, og medan eg må innrømme at eg ikkje har nokon som helst kompetanse på dette området, så likar eg illustrasjonane godt.

Når Bill Willingham flyttar figurane ut av eventyrverda og inn i vår verd kan desse figurane ha heilt andre liv og personlege forhold enn dei som vi kjenner frå dei opprinnelege eventyra. Tida har gått, lykkeleg-alle-sine-dagar gjeld ikkje nødvendigvis lenger og figurar frå forskjellige eventyr kan godt ha eit forhold.

Likevel, til tross for at alle personane er kjente eventyrfigurar så er ikkje dette noko eventyr. Dette er ei klassisk detektivforteljing, og ei godt laga ei og.

Legends in exile er første boka i denne serien, og eg ser fram til å lese fleire av dei. Eg har lest den engelskspråklege utgåva sidan det er den vi har på ASVbib, men den er også utgitt på norsk. Den norske utgåva er dessverre utseld frå forlaget, men eg håpar at det etterkvart vil komme eit nytt opplag.

Dette syns andre:

Valhall

I åra 1979-2009 utgav den danske teikneserieskaparen Peter Madsen dei 15 binda i serien Valhall.

Valhall tar utgangspunkt i dei norrøne gudesegnene og her møter vi Tor, Odin, Loke, Frøya, Siv og mange andre frå den norrøne gudeverda.

No har ASVbib den komplette serien til utlån.

Om teikneseriar (og bibliotekarar)

ASVbib har også teikneseriar.

Å vere bibliotekar!

Dangerous ideas

Bomber over barneskolen

Dei andre dokumentarteikneseriane eg har omtalt har vore av utanlandske forfattarar, men det finst også norske bidrag i same sjangeren. Ingebjørg Jensen si Bomber over barneskolen om bombinga av Holen skole på Laksevåg er eit slikt bidrag.

Laksevåg blei bomba av allierte fly 4. oktober 1944. Målet for bombinga var ubåtbunkeren «Bruno» og det tyske verftet, men det var hovudsakleg sivile som blei ramma. Mellom dei drepte var 12 tyske soldatar, 20 mannskap på tyske malmskip, eit ukjent tal sovjetiske krigsfangar og 193 sivile. Av dei 193 sivile omkom 61 barn og 19 vaksne på Holen skole som ligg 200 meter frå ubåtbunkeren.

Forfattaren har sett seg godt inn i historien. Den har prega hennar familie sidan bestemor hennar var ei av dei som blei drept under bombinga, og ho har intervjua mange av dei overlevande. For mange av dei har livet vore prega av fortielsen om hendinga «barn glemmer så fort» og at mange etter bombinga blei sendt «på landet» for å vere trygge, det blei lite tid til å bearbeide det som hadde skjedd.  Sidan det var dei allierte som stod bak bombinga har den heller ikkje fått den merksemda i ettertida som den ville fått om det var tyskarane som stod bak.

Teikneserien om den fatale dagen og konsekvensane av den utgjer mesteparten av boka, men på slutten finn vi ein fyldig faktadel med presentasjon av personane som er grunnlaget for hovudpersonane i forteljinga og bakgrunnsinformasjon om Laksevåg som bombemål.  Dei personlege historiane blir også presentert i dokumentarfilmen «Sår som aldri gror» (bestilt til ASVbib), og Ingebjørg Jensen har også skrive fleire artiklar om emnet.

Teikneserieteknisk er ikkje dette den aller beste serien eg har lest, men det er likevel ein flott serie som fortel den viktige historien på ein veldig god måte.

Andre omtalar av teikneserien:
Viktig historie i brokete bok – Barnebokkritikk
Gripende om skolebombing – Serienett

Teikneseriar

ASVbib har etterkvart ei ganske omfattande teikneseriesamling. Som så mange andre har eg sjølvsagt lest Pondus og Nemi, men det er også alt for masse i desse hyllene som eg ikkje har lest. Så no har eg bestemt meg for å gjere meg litt meir kjent med teikneserieuniverset. Under finn du ein presentasjon av det eg har lest siste vekene, og her finn du alt vi har på biblioteket.

Bone handlar om Fone Bone og fetrane hans – den grådige forretningsmannen Phoncible P. Bone og den hyggelige og velmeinande Smiley. På grunn av Phoncible sin grådighet må dei flykte frå heimbyen Boneville og hamnar i den mystiske dalen. Dette er starten på mange eventyr. Bone ser ved første blikk ut som ein barneserie, men det er vel så mykje ein vaksenserie der den vekslar  mellom humor og alvor, komedie og spenning. ASVbib har dei to bøkene som har utgitt på norsk og vil kjøpe inn fleire så snart dei kjem ut. Serien har også si eiga heimeside på Internett. Eg gler meg alt til neste bok. Veldig bra.

Death Note er ein japansk mangaserie om den  toppstudenten Light Yagami. Han er 17 år og kjedar vettet av seg. Ein dag finn han ei notisbok som Shinigamien (dødsguden) Ryuk har etterlatt i menneska si verd. Alle som får namnet sitt skrive i denne boka vil dø, og Light bestemmer seg for å bruke Death Note til å drepe alle onde menneske i heile verda. Politi i heile verda anar uråd når forbrytarar dør ein etter ein, og dei sender den mystiske detektiven L etter mordaren. ASVbib har p.d. dei 6 første binda i serien på norsk og kjøper nye når dei kjem ut.
Eg har til no berre lest bind 1 i serien, og likar den veldig godt. Det tok litt tid å bli vant til å lese frå høgre mot venstre, men så snart eg fekk taket på det så koste eg meg veldig.  Eg kjem nok til å lese vidare.

Palestina er Joe Sacco si fantastiske beretning frå eit tomånaders opphald på Vestbredden og Gaza under den første intifadaen i 1991-92. Han tar for seg konflikta i Midtøsten, okkupasjonen og håpløysa menneska der føler. Den vanskelege konflikta blir skildra gjennom mange forskjellige ansikt og stemmer, og forfattaren sine eigne tankar og følelsar får også plass.
Teikneserieformen formidlar dette vanskelege temaet på ein måte som knapt noko anna medium kan. Dette er ei aldeles fabelaktig bok. Les, les, les!

I Persepolis fortel Marjane Satrapi om sin oppvekst og ungdom i Iran og Østerrike. Teheran 1978. Marjane er 8 år og dotter av kultiverte og velutdanna foreldre som håpar på eit nytt og meir demokratisk Iran. Men det blir fort klart at det ikkje går slik dei ønskjer når den Islamske Republikk og alle dens nidkjære voktarar overtar styringa. Nokre få år etterpå bryt krigen mot Irak ut. Marjane sine foreldre tar til slutt den tunge beslutninga at dei vil sende henne på skule i Wien. Der venter eit heilt anna liv, men er det eit betre liv? Det er vanskeleg å vekse opp langt frå familie og kulturen ein kjenner, og kva med å vende heim igjen…
Dette er ei veldig god grafisk oppvekstforteljing og det er ikkje rart at Persepolis er blitt filmatiser . ASVbib har sjølvsagt filmen og.

Husfred av Alison Bechdel er også ein sterk oppveksthistorie.
Alison Bechdel førte dagbok som barn, og glimt frå denne dagboka dukkar opp gjennom heile forteljinga.  I sentrum av forteljinga ligg hennar forhold til foreldra, og då spesielt faren.  Han er på same tid både tilstades og fråværande, ein mann med mange skjulte sider. Fasaden er engelsklæraren , tredje generasjons eigar av det familieeigde gravferdsbyrået og mannen som er glødande interessert i å pusse opp gamle hus. Men han er også skjult homofil, humørsjuk og uberekneleg. Den grafiske romanen tar for seg tema som homofili og sjølvmord, og Alison Bechdel brukar verdslitteraturen aktivt for å forstå seg sjølv og familien sin. Elles så har Alison Bechdel har i mange år teikna lesbeteikneserien Dykes to watch out for som også er veldig bra.
ASVbib har også Husfred på engelsk (Fun Home)

Piray er Karine Haaland sine fantastiske striper der ho godlynt mobbar alt og alle. Ingen går fri, og ingen er heilage – Piray sparkar i alle retningar og viser oss kor absurd verda kan vere. Serien har ingen hovudperson, men det er ein del figurar som går igjen.
Kostelege striper. For meg er dei perfekte på dagar då eg generelt føler meg litt amper.

I Eon presenterer Lars Lauvik oss for sitt spinnville persongalleri: Gud (pensjonert), maurslukaren Tetra (oppvaksen i ein telefonselgarkoloni på Jan Mayen), prøvekaninen Gonzales, Dogdraugen, m.fl. Serien kommenterer på sitt absurde vis aktuelle ting i samtida, eller det som forfattaren måtte ha lyst til å kommentere akkurat då. Gjestar i serien inkluderer m.a. Kjell Magne Bondevik, Terje Søviknes og Anne Holt. Lars Lauvik står også bak Wildlife og Oppgulp. Lars Lauvik er ein av mine favorittserieskaparar, og eg ler like godt kvar gong.

Vi har sjølvsagt Pondus og Nemi og.

Nokre teikneserielenker
Raptus – Bergen internasjonale tegneseriefestival
Bergen off. bibliotek si teikneserieside
Serienett – norsk nettidskrift om teikneseriar
Tegneserier en må lese fordi sånn er det bare – Blogg