Tag Archives: Tid

Klokkemakeren

Klokkemakeren av Gert Nygårdshaug

Det ligg ein liten fredeleg, namnlaus landsby i eit namnlaust land. På markene rundt landsbyen beitar husdyr på det som tidlegare var kornåkrar. I eit koseleg hus nett utanfor landsbyen bur urmakar Melkior Mussenden og kona Mathilde. Dei lever eit regelmessig liv der timane blir markert av Mussenden sine 49 veggur.  Men, Mussenden har fått eit rart brev.

Ei natt dukkar det opp eit digert hol i bakken der landsbykyrkja stod, og landskapet rundt er også litt forandra. Militæret dukkar opp, forholdet til nabolandet blir forverra og landet sine «mektige allierte» (som også er nabolandet sine mektige allierte) kjem for å hjelpe til. Det mest foruroligande er at tida byrjar å oppføre seg merkeleg, alle i landsbyen blir isolert i sine eigne tidsbobler. Dei kan kommunisere når dei treffes, men alle si tid oppfører seg forskjellig.

Det blir Mussenden si oppgåve å bygge klokka som får tida tilbake i rute. Og for at han skal klare det må vi innom god mat, god vin, mange typar kalendre, religion, filosofi, landbrukspolitikk, vennskap, kjærleik og elektriske gjerde.

Det tok meg kort tid å bli vant til at Gert Nygårdshaug unngår punktum så mykje han kan, det hjelper sjølvsagt at han er glad i komma og semikolon, og etterkvart blei eg veldig glad i Melkior, Mathilde og deira lille landsby. Grunnen til at berre gav den ein 4’ar var at eg syns at ei bok der TID er så viktig skulle brukt meir tid på tidssystem og slikt og latt meg som lesar lære meir om det. Det blei littegrann for lettvint. Men, uansett så er dette ein veldig lesverdig historie, og ein historie som er lett å lese.

Dette syns andre om boka.

Tidens historie

Dei siste vekene sin lydboklærdom er: Ikkje høyr på populærvitskaplege bøker, les dei istaden.

Tidens historie av Trond Berg Eriksen frå 1999 gjev eit innblikk i ein interessant historie om utviklinga i synet på og kunnskapen om tid og om utviklinga av uret. Boka har mange interessante historiar som t.d. om kor viktig det var å finne opp ein nøyaktig tidsmålar slik at båtar kunne bestemme posisjonen sin langt til havs, om kalendarrevisjonar gjennom tidene, om makthavarar (inkludert kyrkja) sitt behov for å styre tida, m.m. TBE skriv også om forskjellig oppfatning av tid som t.d. syklisk eller rettlinja. Denne delen av boka likar eg godt.

Det er to hovudmoment som dreg boka ned til ein 2’ar for meg.
Det eine er at eg syns at det blir for lite av tida sin historie og for mykje tidsfilosofi der Trond Berg Eriksen viser tydeleg kva han meiner om tidsbruk og levemåtar i vår moderne tid. TBE set tydelege kvalitative merkelappar på sine forskjellige tidsbegrep og let ikkje til å ha mykje til overs for vår moderne levemåte.  Her kjem det fort betegnelsar som «slavar av tida», «tidsklemma», «behovet for det langsame» og det naturvitskaplege tidsbegrepet blir omtalt som «innhaldslaust» og «tomt». Kanskje er det lyttaren og forfattaren som her har alt for forskjellig syn på verda, livet og tida?

Boka er rett og slett ikkje særleg spenstig. Ei bok om tid burde vere mykje meir spennande enn denne er. Eg blir lei av at ting stadig vekk blir repetert: Er Gud den store urmakaren eller ikkje, har vi tid eller har tida oss, og fleire andre spørsmål frå stadig nye synsvinklar. Eg saknar også andre moment om tida som t.d. skjønnlitterær behandling av tid og syns elles at naturvitskapen sine begrep om og tankar om tid burde hatt ein større plass. Men her er det kanskje lyttaren og forfattaren som igjen har for forskjellig syn på tinga?

Nokre ord om boka som lydbok. Lydboka er litt forkorta i forhold til den trykte utgåva, men det eg saknar mest frå ei vanleg trykt bok er referansar til andre bøker og artiklar. Det er forfattaren sjølv som les. Han gjer ein brukbar jobb, men eg trur at ein skuespillar kunne gjort lyttinga til ei meir spennande oppleving enn det ein veldig tørr og intonasjonslaus TBE gjer. Og som eg alt har nemnd syns eg det er vanskeleg å «lese» populærvitskaplege bøker på lyd.

Det er mange som er ueinige med meg om denne boka. Ein søk i A-tekst (elevar på Askøy vgs. må vere pålogga ped.nettet for å søke her) på boka leidde meg til mange gode kritikkar.