Tag Archives: Ungdom

Hvis jeg blir / If I stay

Mia er 17 år og bur i ein liten by i Oregon. Ho er ein dyktig cellist og har nett tatt opptaksprøven til prestisjetunge Juilliard School. Elles er ho kjæraste med punkrockaren Adam, besteveninne med Kim og svært glad i familien sin. På ein køyretur blir bilen til familien påkøyrd av ein større bil og foreldra døyr på staden. Mia og broren blir sendt på sjukehus og Mia blir sendt vidare med luftambulanse til Portland utan å få vite korleis det går med broren. Medan ho ligg i koma ser ho seg sjølv, besteforeldra, andre slektningar, venner, Kim, Adam og alle andre på sjukehuset utanfrå. Ho svevar mellom liv og død og ei av sjukepleiarane seier til besteforeldra at det er opp til Mia sjølv om ho kjem til å overleve. Det er Mia som må bestemme seg.

Og det er mykje for Mia å tenke over medan ho bestemmer seg. Ho ser tilbake på livet sitt og korleis det var, og tenkjer på korleis livet vil bli dersom ho blir. Ho tenker og på korleis livet vil bli for dei ho etterlet dersom ho bestemmer seg for å dø. Ein skulle tru at det lett vart uoversiktleg når boka hoppar fram og tilbake i tid, men forfattaren har konsekvent omtalt hendingar før ulykka i fortid og det som skjer med Mia undervegs i døgnet etter ulykka i notid, så det blir aldri noko problem å halde orden på tidslinja.

Dette kunne fort blitt ei veldig trist og lei bok, men det er det ikkje. Mia sitt liv fram til ulykka blir skildra med varme og humor. Det er også kjekt å lese om ein tenåring som har eit godt forhold til foreldra sine og faktisk likar å tilbringe tid med dei og lillebroren. Eg set og pris på at ulykka og døden blir så nøkternt skildra. Her er ingen himmel som ventar eller englar som rådar Mia i den avgjerda ho må ta, det er kun ho som bestemmer.

Mia sine refleksjonar fungerer bra for meg, men innimellom syns eg ho blir litt for reflektert og moden for sine 17 år.  Eg las den engelske utgåva av boka og syns språket var greit og passande til hovudpersonen og forteljinga, eg har ikkje lest omsetjinga så eg kan ikkje sei noko om korleis språket er i den norske utgåva. Alt i alt syns eg at det er ei veldig god ungdomsbok som likevel ikkje er heilt god nok til ein toppkarakter.

Det er mange andre som har blogga om denne boka sidan den har vore med i ein bokbloggturne. Under finn du ei liste med lenker til nokre av bokbloggarane som har vore med på turneen og til nokre andre som ikkje har vore med på turneen:

Noe i meg er sterkere enn jeg

Astrid Høgevold fekk anoreksi då ho var berre 12 år gammal og dei seks neste åra i livet hennar var ein einaste lang kamp mot sjukdomen.

I boka «Noe i meg er sterkere enn jeg» gjev ho oss eit levande og intens bilde av kva som går føre seg i hovudet på ei ung jente med veldig alvorlig anoreksi. På det verste er ho så sjuk at ho trudde at alt omkring henne inneheldt kaloriar, inkludert lufta, vatnet og tinga ho tok på. Ho personifiserer sjukdommen som ei kraft i henne sjølv som ho kallar for djevelen. Det er djevelen som styrer, bestemmer, fortel henne at ho må bli flinkare, springe meir, ete mindre, bli tynnast, bli som beina i eit røntgenbilde…. Det er djevelen som bestemmer, utan djevelen er Astrid ingen.

Astrid Høgevold fortel intenst og ærleg om alle sidene ved å leve med alvorleg anoreksi. om jernhard sjølvdisiplin, om tvangsprega trening, om tvangsforing med sonde, om kor kreativ ein sjølvskadar kan vere for å finne noko å kutte seg opp med, om opphalda på ungdomspsykiatrisk institusjon, og om prosessen ho måtte igjennom for å bli frisk.

Med ein så ung forfattar og såpass liten avstand i tid til hendingane boka skildrar kunne dette fort blitt ei sentimental stakkars-meg-bok, men det er det ikkje.  Astrid Høgevold har skrive ei veldig, veldig god bok.

Dette skriv andre om boka og forfattaren:
Liv og død i samme hode – Vårt Land
Noe i meg er sterkere enn jeg – NRK
Skulle bli tynnast av alle – ABCnyheter

Full pott i hjerter

Full pott i hjerter av Svein Børge Hoftun handlar om brødrene Jon og Steinar som stikk av heimanfrå for ikkje å bli henta av barnevernet. Mor deira har eit forhold til ein svensk musikar og lét gutane vere åleine att heime medan ho reiser rundt med svensken og bandet, Steinar har ADHD og er blitt ferska medan han stal øl, og og sosiallærar og barnevern byrjar å mistenke alt for mykje. Flukta fører dei frå Oslo via Sauda og Bergen til København. Dei er på jakt etter Jon sin far som ingen har sett sidan han tok livet av ein annan mann før Jon blei født.

Dette er ei spennande bok som raskt flyttar seg frå ein stad til ein anna og ein situasjon til ein annan. Litt for fort faktiskt. Det er så mykje ein skal innom – dårlege heimeforhold, ADHD, kriminalitet og at Jon forelskar seg i den danske guten Erik og oppdagar at han er homofil.  Sidan alt går så fort så er det liksom ingenting som får nok tid.

Språkleg likar eg boka godt. Forfattaren skriv eit lett og ledig nynorsk som bør vere lett å lese for dei fleste.

Dette syns andre om boka:
Når alt skal med – Bergens Tidende
Botnlaus spenningshistorie – Vårt Land

Englefjes

Engel er 17 år og har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes. Ho skriv koseleg sommarnytt, men har skarpe auge og byrjar å legge merke til at mange naust er pussa opp til mykje høgare standard enn det er gitt løyve til.  Ein blir ikkje alltid like populær av å stille spørsmål. Engel hamnar i stadig meir trøbbel og oppdagar at det kanskje foregår meir enn ulovlege naust. Elles må ho slite med ei død mor, ein homofil far i Tokyo, den hasjrøykande mormora og hennar litauiske elskar…for ikkje å snakke om sommarvikaren på lensmannskontoret som har blå auge og heiter Ole.

Englefjes av Ingelin Røssland er den første boka i trilogien om journalistspira Engel Winge. Eg syns dette er ei spennande bok med veldig god driv. Engel er ein flott hovudperson som ein blir glad i, ho er både rappkjefta og tøff men også sårbar. Grunnen til at boka berre får ein 4’ar er at eg syns sjølve mysteriet kunne vore gjort litt betre.

Den neste boka i trilogien er på veg og heiter Englejakt. Eg kjem nok til å lese den og.

Andre om Englefjes:
Barnebokkritikk
Den fantastiske boka
Dagbladet – Moped og mord
Aftenposten – Drivende action på Tysnes
Bergens Tidende – Feministkrim for ungdom

I am the messenger og andre bøker av Markus Zusak

Av og til går eg i gang med ei bok som eg knapt kan legge frå meg, og i nokre dagar no har eg knapt vore snakkandes til. Denne gongen var det ungdomsboka «I am the messenger» av Markus Zusak.

Markus Zusak er forfattaren av «Boktyven» – ei av mine andre store lesaropplevingar siste året, og om det ikkje hadde vore for «Boktyven» så hadde eg aldri oppdaga «I am the messenger» heller.

«I am the messenger» handlar om 19 år gamle Ed som ikkje kjem seg nokon stad her i livet. Men, etter at han tilfeldigvis klarar å stoppe ein banktjuv, byrjar ting å skje. Han får ein ruter ess i posten med tre adresser på og på kvar adresse ventar det han ei oppgåve. Derifrå og inn er det ingenting som går slik lesaren forventar.

Markus Zusak er også forfattar av ungdomsboka «Getting the girl» som også er svært så lesbar.

Paneldebatt m/ungdommar i panelet

Deltakarar

  • Kristian – 23 år
  • Hanne – 17 år
  • Tara – 18 år
  • Rebecca – 21 år
  • Jesper – 15 år

– Har de ein favorittdings?    Laptop, kamera, mobil, avtaleboka mi i lær, mac’en, iphone, skulle gjerne hatt ein ipod – fordi eg gjerne ikkjeskullekunneleveutan (trur kanskje alle meiner mobil utan å nemne det sidan det er så utenkeleg å vere uten)

– Dersom de treng info, kakeoppskrift – kva gjer de?     Google, matrprat.no, spørre mamma, bokfetisjisten går i boka først og så på Google

– Kva for nettsider brukar de mest for å finne info?   Wikipedia(gjerne sjekke på fleire språk, Facebook, SNL no som det er gratis, Google

– Halde kontakt med venner og familie?    Var imot Facebook men har funne ut at det er veldig greit, brukar litt mail og heldt på å lære opp mormor til det, kjem an på kven du prøver å få tak i, mobil

– Er de bekymra på privatlivet dykkar på nett?   Tenker på det og er forsiktig med kva ein skal legge ut, andre legg ut ganske mykje info utan å vere så veldig bekymra – mest bekymra for Facebook sidan dei eig innhaldet

– Kjøper de musikk i nettbutikk – NEI!   Mange artistar er for fildeling, det er plateselskapa som har eit problem der. Kjøper gjerne CD’en dersom eg likar låtane eg har lasta ned.  Enkelte kjøper CD’ar og legg den inn på eigen pc og ipod. Forskjell på kva eg lastar ned og kva eg kjøper på CD.

– Kva kunne biblioteket hatt som kunne gjort det meir interessant?    Det er jo kjekt at det har bøker og då gjerne meir på engelsk, pc’ar med Internett, syns biblioteket på Papirbredden er bra sidan dei har så mange forskjellige media i eit breitt utval. Gjerne endå fleire behagelege møblar, koselegare, masse sofaer – det nye biblioteket er litt sånn.

– Er det noko vi absolutt må ha – ikkje berre i Drammen?     Utlån av spel.

– Kva med eit skulebibliotek?    Dokument som passar til faga vi har, og ting til både skule og fritid. Nettilgang.  SOFA!!!

– Blir d ikke litt krampaktig når lærerne prøver å bruke ungdommens egne kanaler og verktøy for å sprite opp undervisningen? Jfr bestemor på facebook?    Kan vere positivt, t.d. har eg fått betre kontakt med tanta mi etter at ho kom på Facebook. At skolen tar i bruk nettverktøy når det gjeld meir sjølvstendig arbeid er positivt. Burde ikkje begynne å bruke nye media for å komme i kontakt med ungdommane men for å komme i kontakt med nye media. Skulen bør bruke det som faktisk blir brukt i verda.

– Hvordan ville dere ha likt å være venn med det lokale biblioteket på facebook? Og hva ville dere forventet av biblioteket der?   Å so koseli…, Trengs kanskje ikkje, men vi har jo MappaMi og slikt. Facebook hadde kanskje egna seg til å minne om events og slikt.

– Er Facebook på vei ut? I så fall, hva blir brukt i stedet?    Nei, trur ikkje det, trur det har komt for å bli og er ikkje spesielt ut.

– Vi skal lage nye nettsider for biblioteket. Kan dere si noe om hva deres drømmebibliotek sine nettsider skulle inneholdt?     Nyheter om ting som skal skje, betre design, nye bøker. Friskt design og oversiktlig. Ikkje sånne knotete kommunesider. Ikkje alt for mange menyer. Chatfunksjon – slik som Biblioteksvar har.  MappaMi-funksjon

– Liker ungdommen gode leseopplevelser?    Nei, det kan vi ikkje fordra!  Det er vel individuelt.  Nokon må kanskje lurast litt. «Få oss til å kjede oss så mykje at vi opnar ei bok i rein desperasjon – vel ikkje meg då, eg kan lese bøker mens eg er på pc’en».  Fagbøker kan også vere ein god ting, folk les gjerne om det dei er interessert i. «Guttar skal liksom ikkje like skjønnlitteratur, men broren min smugles Twilight-serien akkurat no.» Det er ofte lett å sjå om boka er tenkt for gutar eller jenter og suksessane er ofte for begge. J.K.Rowling var lurt – gutar trur dei ikkje liker bøker av kvinnelege forfattarar.

– Kjøper de programvare?   Nei, broren min fiksar alt sånt utan at eg har tenkt på kossen han fiksar det. Brukar open source programvare som t.d. Open office.  Generelt – Nei!

– Kva for program vil de ha på biblioteket?   Kreativt skrivekurs, bokprat og høgtlesing av anna enn barnebøker.

– Vil de vere anonyme eller opne på nett?    Kjem heilt an på tema om du vil vere anonym eller open. Dersom eg kan stå for det så gjer eg det med eige namn. Lett å bli litt paranoid. Brukar fullt namn når eg meiner det er relevant

Frå Gromgutter og Gulljenter til Machogutter og Villkatter

v/Selma Therese Lyng
Om elevstilar, kjønn og læring i ungdomsskolen

PowerPointPresentasjon på SlideShare.net

Elevstiltypar

  • Machogutten – godt synleg, tøff, utadvendt og mandig. Teoretisk erfaring er ikkje mykje verd.
  • Gromgutten – snill, hyggeleg, skuleflink og sosial.
  • Gutteromsgutten – mykje av livet foregår på gutterommet – der er han seg sjølv, er på skulen men er ikkje særleg sosial. Gjer det han må på skulen, men er ikkje nerd.
  • Nerd (både jenter og gutar) – opphengt opptatt av skulearbeid, untatt gym. Ikkje alltid like sosialt kompetent. Definitivt ikkje kul.
  • Villkatten – openlys opposisjon mot alt som har med skule å gjere. Omgås eldre ungdommar på fritida. Ikkje glad i skulen. Har liten kontakt med andre elevar, unntatt andre villkattar
  • Spurvejenta – umerkeleg til stades i skulen. Jenteekvivalenten til gutteromsgutten. Snill og grei og litt barsnleg.
  • Gulljenta – opptatt av gode karakterar. Blir litt stress å få tid til å gjere alt godt nok. Stiller høge krav både til seg sjølv og andre. Omgås andre gulljenter, lite kul.
  • Jålejenta – har alltid kjæreste, helst ein machogutt, eller er på jakt etter ein. Stor sosial aksjonsradius på skulen, sterkt veninnefelleskap. Ikkje så veldig glad i teoretisk pensum, andre ting er viktigare. Viktig å ikkje ta alt for seriøst.
  • Dei typelause – opptrer utanfor dei bestemte stilane. Blir unngått av dei andre – vennelause. Dannar avogtil vennegrupper, men blir ikkje tolka som vennar av dei andre fordi dei internt i gruppa er ulike.

Det er stort sett ukult å vere skuleflink….

Elevstilen ”fangar”

  • Image/elevstil må aktivt gjentas og bekreftast gjennom passande opptreden
  • Uformelle, men strenge, reglar om å opptre gjennomført

Ulike elevstilar – ulike utfordringar

Elevstilar og interesser

  • Interesser og preferansar = ladde symbol og markørar for elevstil og identitet
  • Elevstil påvirkar KVA og KVEN ein kan tillate seg å vise fram interesse for – og KORLEIS ein gjer det

«Noko som passar for meg» – Utfordring og mogleikar

  • Innsikt i ungdommens symbolunivers
  • Identifisér symbolske element i emner, arbeids- og medieformar
  • Bibliotek – alternativ arena i/til klasserommet og alternative vaksenpersonar å forholde seg til.

NB! Sensitivitet for variasjoner

  • over tid og stad – forskjell på plassar, forskjell frå år til år
  • Innan og på tvers av kjønn – «guttetiltak» treff ikkje alle guttar, «jentetiltak» treff ikkje alle jenter…