Tag Archives: Vampyrar

The Kiss of Death

I jula i fjor las og likte eg Marcus Sedgwick si vampyrbok My swordhand is singing, og no er det på tide å fortelje at eg likte den frittståande oppfølgjaren The Kiss of Death like godt.

The Kiss of Death handlar om Marko og Sorrel og foregår i Venezia over 100 år etter handlinga i forrige bok. Marko er son av ein lege og kjem til Venezia på jakt etter faren som reiste dit for å hjelpe glasmakaren Simono som er ein venn av han. Når Marko kjem til Venezia er faren forsvunne, men han finn Sorrel og Simono. Simono er blitt gal av mangel på søvn. Marko og Sorrel må både finne Marko sin far og finne ut kva som stjel Simono sin søvn. Etterkvart slår dei seg i lag med den gamle mannen Peter. Han ser iallfall ut til å forstå kva som foregår, men så har han også møtt skyggedronninga før. Det er onde makter på ferde i Venezia. Byen som vi kjenner frå bilde av kanalar og gondolar i solskin eller romantisk måneskin framstår her som mørk, tåkelagt og skremmande. Det er og karnevalstid og folk går rundt med masker. Beskrivelsen av byen og spesielt lagunen og øyane var slik at eg måtte rett Internett etterpå for å ta ein kikk på geografien.

Eg syns igjen at Marcus Sedgwick har gjort ein god jobb. Boka er veldig spennande og nifs. Eg elskar språket. Sedgwick brukar ikkje opp sidene med uvesentlege beskrivingar av folk sine hår og kle. Det som er tatt med av slikt er der med god grunn. Boka er på engelsk men krev ikkje at ein er av dei mest avanserte engelsklesarane. Den har og litt romantikk utan at det blir for romantisk for meg.

Dette syns andre om boka (alle likar den):

Her snakkar Marcus Sedgwick sjølv litt om boka:

ASVbib har også boka White Crow av Marcus Sedgwick. Eg kjem nok til å lese den etterkvart.

Advertisements

The kiss of death – smakebit på ein søndag

Smakebiten denne veka kjem frå The Kiss of Death av Marcus Sedgwick. Han skriv kjempegode grøssar-/vampyrforteljingar utan snev av Twilight ved seg. Denne historien foregår i Venezia og er prega av skrekk, gru, mørke, fuktigheit og tåke.

«The line between dream and nightmare is a fine one, and is easily crossed. Marko’s mind replayed events in broken and disjointed segments. The arrival of the letter was mixed with his father’s departure six months earlier, his journey on the caravel from Trieste became his gondola ride with Captein. He wondered where Captein was now, whether he was snoring soundly at the Leon Bianco, or had gone back to join his loving crew

Sounds swished into range and out again. The lapping of the lagoon at the foot of the house. A footstep above his head, maybe, creeping in the corridor outside. The hoot of some night bird.«

La den rette komme inn av John Ajvide Lindqvist

Av og til les ein eg bøker som eg ser er veldig gode, utan at eg klarar å bli glad i dei. Ei slik bok er La den rette komme inn av John Ajvide Lindqvist.

I 1981 bur 12 år gamle Oskar i forstaden Blackberg. Oskar er eit ensomt mobbeoffer som drøymer om hevn. Så møter han mystiske Eli i nabolaget, jenta som luktar litt vondt og som berre er ute om kvelden. Ho bur i lag med Håkan. Håkan er på eit oppdrag, eit oppdrag der han må drepe. Etterkvart er det fleire som døyr og Oskar byrjar seriøst å lure på kven Eli eigentleg er.

Oskar er hovudpersonen i boka, men i tillegg til han møter vi eit stort persongalleri. Viktige rollar har også ein nabogut og Blackberg si samling av halvgamle, småslitne alkoholikarar.

Dei mange personane og stemmene gjer det av og til litt vanskeleg å halde oversikta, men fleire av dei gjer og historien rikare. Alle stemmene har til felles at dei er blant dei som på ein eller annan måte ikkje passar inn i storsamfunnet.

Som sagt så klarar eg ikkje heilt å bli glad i La den rette komme inn. Det er forskjellige grunnar til det: Eg kunne godt klart meg utan ei eller to av dei mange forteljarstemmene, det blir rett og slett litt mange å forholde seg til og gjer at boka blir litt lang for meg. Eg er også ganske pysete. Med boka si plassering i ein vanleg svensk drabantby der både vampyrar og andre skikkelsar er personar ein «kjenner igjen» frå sitt eige nabolag, så blir dette berre litt for nifst for meg. Eli blir dessutan ekstra farleg sidan grensa mellom den uskuldige barnedelen av henne og den blodtørstige vampyrdelen er ganske uklar. Eg er som sagt litt pysete.

Det blir derfor ein 4’ar – dei som er mindre pysete enn meg kan god runde karakteren opp til 4,5.

Intervju med forfattaren i Aftenposten.

Dette syns andre om boka:

Boka er filmatisert og ASVbib har også filmen.  I tillegg har vi også bøkene Menneskehavn og Håndtering av udøde av John Ajvide Lindqvist. Dei skal også vere ganske skumle.

Vel, kanskje eg tør sjå filmen no som eg har lest boka. Kanskje…

Nytt i dvd-hylla

Denne veka har vi fått følgande nye filmar i dvd-hylla.

Twilight 2 – New Moon

Twilight-sagaen heldt fram. Edward og familien hans har flytta frå den lille byen for å beskytte Bella mot farane som ligg i deira verd, men Bella sitt begjær etter å bli gjenforent med Edward gjer at ho stadig tar større sjansar. Tilfeldigvis kjem Bella ansikt til ansikt med ein tidlegare dødsfiende og blir redda av ein flokk overnaturlig stor ulvar. Det blir klart at Bella stadig er i livsfare….

Vi har sjølvsagt den første Twilightfilmen også, og bøkene som filmane er bygd på.

Mørk blå, nesten sort

Jorge er i 20-åra, men bur framleis heime hjå foreldra i Madrid. Han vågar endeleg å fortelje far sin at han ikkje vil følge i faren sine fotspor og bli vaktmester, men heller vil få seg ei utdanning. Men Jorge har også ein bror. Broren sit i fengsel og treng ein tjeneste frå Jorge. Broren sin kjæreste, som også er innsatt, vil ha eit barn – og Jorge sin bror er steril…

Det levende slottet

Sofie er ei ung jente som blir forheksa av Ødeheksa og trylla om til ei gammal dame. For å bli ung igjen må ho bli venn med ild-demonen Calcifer og fri han frå trollmannen Haurus si makt. Ho får seg jobb på Haurus sitt levande slott og oppdagar at Haurus sitt rykte som ond trollmann (han skal visstnok ha for vane å ete hjertene til vakre unge jenter) nok er betydelig overdreve.

Biblioteket har bestilt boka Howl’s moving castle som filmen er basert på og vi har også nokre andre gode fantasybøker av forfattaren Diana Wynne Jones.

Det levende slottet er ein såkalt anime-film, ein japansk animasjonsfilm. Du kan lese meir om denne filmstilen i boka Anime som du kan finne her på ASVbib.

Oppvåkningen

I 1969 byrjar Dr. Malcolm Sayer som lege på Bainbridge hospital i New York. Han oppdagar at sjukehuset har ein avdeling med pasientar som har vore katatoniske etter å ha fått hjernebetennelse mange år tidlegare. Etter forsøk med nye medisinar byrjar pasientane å vakne.

My Swordhand is Singing

Eg er ikkje så veldig interessert i vampyrforteljingar. Dei forsøka eg har gjort med nokre av dei populære vampyrbøkene har stort sett endt med at boka er blitt lagt vekk til fordel for noko som er meir interessant, og den einaste TV-vampyrserien eg virkelig har fulgt med på er «Buffy the vampire slayer» der vampyrane stort sett blir tatt livet av. Så det var kanskje ein fordel at eg ikkje visste på forhånd at «My Swordhand is Singing» av Marcus Sedgwick er ei vampyrbok.

Peter og faren Tomas er tømmerhoggarar og har nett flytta til landsbyen Chust, ein eller anna stad Aust-Europa. Dei har alltid levd eit omflakkande liv, men har no for første gong slått seg ned ein stad for litt lengre tid. Tomas blir stadig meir alkoholisert og Peter er den som må ta seg av tømmerhogginga og vedkløyvinga slik at dei kan tjene penger. Peter har og eit godt auge til landsbyjenta Agnes.  Vinteren er på veg. I landsbyen har det vore fleire dødsfall i det siste og merkelege og truande ting byrjar å skje.

Dette er ikkje ei bok om sexy og potensielt snille vampyrar. Her er dei udøde farlege og tragiske skikkelsar som ikkje fører noko godt med seg. Marcus Sedgwick har brukt gamle myter frå Aust-Europa som inspirasjon til denne fortellinga og det gjer den ein heilt annan tone enn mange av dei vampyrhistoriane som er mest populære no for tida. Ordet «vampyr» blir forresten aldri brukt i boka medan ordet «nesferatu» blir brukt ein gong.

Marcus Sedgwick sløsar ikkje med orda. Han skriv med få ord, men brukar dei slik at ein kjenner uhygga krype innover seg når ein les, og uhygga varer framleis ved når ein er ferdig med boka. Det er ei bok med grei og likefram engelsk som inneheld einsemd, hjelpeløyse, redsel, kjærleik, mot og uhyggelege overnaturlige hendingar. Det er som ein ser for seg den vesle landsbyen i den store skogen; dekka av snø under ein blytung grå himmel.

Eg likte boka veldig godt og sidan boka vann The Booktrus Teenage Prize for 2007 så må juryen ha likt den og.

Dette syns andre om boka: