Tag Archives: Vennskap

The Gone-Away World

Nick Harkaway er debutant og står bak ei roman som eg ikkje klarar heilt å forklare kva handlar om. Det er ei forteljing om krig, om oppvekst, om kjærleik, om ninjaer, om mimeartistar, om vennskap, om identitet… Den er alt. Den har godt språk, har strålande observasjonar, forlet hovudforteljinga for å ta all slags avstikkarar, og er berre heilt fantastisk!

Sånn overfladisk sett handlar boka om Gonzo og vår namnlause forteljar som lever i ei post-akopalyptisk verd der det einaste som gjer noko av planeten leveleg er the Jorgmund pipe, og den står i brann. Men så gjer forteljaren eit hopp tilbake i tid og vi får følge dei to kameratane frå det første møtet i sandkassen, gjennom oppvekst og utdanning, gjennom krigen i landet Addeh Katir der det ultimate våpenet blir tatt i bruk og inn i verda slik den er etter krigen. Dette er ei bok som stadig vekk tar sine eigne avstikkarar innom funderingar om nytta av sauer på slagmarka, referansar til Star Trek, romantikk i eit krigsherja land, førstehjelp på slagmarka og mykje meir. Alt-i-alt høyrest ikkje dette særleg morsomt ut, men det er faktisk ei svært morsom bok og.

Eg syns det var litt vanskeleg bok å begynne på, men det innleiande slitet over dei første 10-20 sidene var så absolutt verd det! Og språket er heilt herleg det og. Eg håpar at Nick Harkaway kan skrive fleire like gode bøker, eg gler meg alt vilt til neste.

Les, les, les!

Dette syns andre om The Gone-Away World